Fagdirektør/seniorrådgivar for analyse og læring

Nettside Norecno Norec

Norsk senter for utvekslingssamarbeid. Over 600 deltagere reiser årlig på utveksling mellom Norge, Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Vil du vere med å utvikle vårt kompetansesenter for internasjonal utveksling?

Jobb i Norec

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.

Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN.

Over 220 organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er ein del av det internasjonale nettverket vårt. Les meir om Norec på www.norec.no

Om stillinga

Norec er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonal utveksling. Innsamling og analyse av data vil vere sentrale oppgåver for kompetansesenteret framover, i tillegg til forvalting og formidling av ny kunnskap, både internt og eksternt.

No ser vi etter ein dyktig fagdirektør eller seniorrådgivar for å vidareutvikle Norec som kompetansesenter. I samarbeid med analyserådgivarar vil du få eit særleg ansvar for å sette retning i arbeidet med analyse og læring. Du skal legge til rette for fagleg samarbeid og utvikling internt, og bidra til å gjere Norec sin kunnskap synleg og tilgjengeleg i relevante fagmiljø.

For å lykkast i rolla er det nødvendig at du har gode samarbeidsevner og at du trivst med kunnskapsformidling og utviklingsarbeid.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • ha fagleg og strategisk ansvar for analyse og læring, og for å utvikle Norec som kompetansesenter
  • leie arbeidet med datainnsamling og dokumentasjon av Norec sine prosjekt
  • initiere og planlegge eksterne analysar og rapportar
  • ha ansvar for at Norec er oppdatert på relevant forsking og for at kunnskapen blir nytta i internt utviklingsarbeid
  • gjere Norec sin kunnskap kjent i relevante fagmiljø, representere Norec i nettverksmøte og andre faglege arrangement

Kvalifikasjonar

  • Phd., master eller tilsvarande, fortrinnsvis innan samfunnsvitskaplege studiar
  • minimum fem år relevant erfaring med analyse og læring
  • kompetanse på kvantitative og/eller kvalitative forskingsmetodar, i tillegg til register- og surveydata
  • erfaring med leiing eller koordinering av faglege prosjekt- eller utviklingsarbeid
  • høg gjennomføringsevne
  • gode formidlingsevner og skriveferdigheiter

I Norec stiller vi krav til personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi kan tilby deg

  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • ein arbeidsgivar som har fokus på utvikling og kompetanseheving gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse

Stillinga vert lønna etter avtale innanfor statens lønsregulativ som fagdirektør/kode 1538 frå kr. 661.000 – 790.000 eller seniorrådgivar/kode 1364 frå kr. 573.900 – 689.100. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Mangfald
Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søke på stillinga. Dette gjeld uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore borte frå arbeidslivet i periodar.

Offentleggjering
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista. I så fall vil søkaren bli varsla om dette.

Ønsker du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med:

  • Morten Rørvik, avdelingsdirektør verksemdstyring. Telefon: 91 00 55 09. E-post: morten.rorvik@norec.no
  • Camilla Ericsson Valvik, seniorrådgivar HR. Telefon: 98 01 76 14. E-post: camilla.valvik@norec.no

Søknadsfrist: 2. oktober 2022
Arbeidsstad: Førde
Startdato: Etter avtale

Norec – illustrasjonsfoto

To apply for this job please visit www.jobbnorge.no.