JPO – Green and Resilient Recovery Analyst

Nettside Norecno Norec

Norsk senter for utvekslingssamarbeid. Over 600 deltagere reiser årlig på utveksling mellom Norge, Afrika, Asia og Latin-Amerika.

UNDP søker norsk juniorekspert til Ukraina

Har du lyst på ei spennande stilling i FN-systemet eller andre internasjonale organisasjonar? Då kan juniorekspertordninga vere noko for deg. Noreg finansierer ca 40 JPO-stillingar årleg og Norec koordinerar arbeidet med rekrutteringa til desse stillingane.

For meir informasjon om JPO-ordninga i FN og andre internasjonale organisasjonar, sjå Norec sine heimesider: Internasjonal karriere

Kva gjer ein juniorekspert?

Juniorekspertordninga i FN – Junior Professional Officer (JPO)

Juniorekspertar (JPO) i ein FN-organisasjon har følgande oppdrag:

  • bistår dei internasjonale organisasjonane med å bygge opp erfaring innan utviklingssamarbeid
  • bidrar med sin internasjonal kompetanse i norske miljø
  • blir ein ressurs for framtidig rekruttering av nordmenn til FN

Som juniorekspert arbeider du vanlegvis to år på samme kontor i ein FN-organisasjon, og eit tredje år på ein annan lokasjon. På denne måten vil du både få erfaring frå eit feltkontor og frå eit hovudkvarter i FN, anten det er Geneve, New York, Nairobi eller Addis Abeba. Du vil få ei unik internasjonal arbeidserfaring og få viktig kjennskap til korleis FN-systemet fungerer.

Du inngår som eit vanleg stabsmedlem på eit FN-kontor. Du får også ein mentor som skal gje deg oppfølging både i faglege og administrative spørsmål.

Green and Resilient Recovery Analyst, Kyiv

FNs utviklingsfond (UNDP) har ledig et juniorekspertoppdrag innen energi- og miljøvernporteføljen i landprogrammet for gjenoppbygginga av Ukraina.

Stillinga er aktuell for søkjarar med høgare utdanning innan energi- og miljø, offentleg administrasjon, økonomi, politikk, samfunnsfag og andre relevante studieretningar. I tillegg er det krav til minst to års relevant arbeidserfaring.

Komplett utlysing og søknadsskjema på UNDP sine sider: JPO – Green and Resilient Recovery Analyst. UNDP, Ukraine

Søk i god tid før 30. september 2022.

For JPO-stillingane gjeld følgande:

  • Du finn meir informasjon om stillingane på Norec sine heimesider
  • Du søker direkte til den internasjonale organisasjonen som har ledig oppdrag
  • Berre norske borgarar kan søke juniorekspertstillingane som Norec lyser ut

Generelle kvalifikasjonskrav

  • Norsk statsborgarskap
  • Utdanning på høgare nivå (minimum masterutdanning/tilsvarande) og to års relevant arbeidserfaring
  • God skriftleg framtstillingsevne
  • Svært gode engelskkunnskapar
  • Arbeidskjennskap til eit anna FN-språk blir lagt vekt på (spansk, fransk, russisk, kinesisk, arabisk)
  • Sterke menneskelege og interkulturelle ferdigheiter
  • Internasjonal erfaring og tilpasningsdyktigheit

Vilkår

  • Det er organisasjonen du vert tilsett i som har arbeidsgjevaransvar, og vilkår for tilsetting vert bestemt av organisasjonen.
  • Løn på P2-nivå, pluss ulike tillegg som vert justert mot kostnadsnivå på tenestestad
  • Som tilsett i FN er du friteken for skatt, både i Noreg og i landet du gjer teneste i
  • Reise og flytteutgifter vert dekka for deg og medfølgande ektefelle, registrert sambuar/partnar og barn. Minst to års registrert sambuarskap må kunne dokumenterast
  • 30 dagars ferie pr år
  • Du må sjølv finne og betale for bustad
  • Du blir tilknytta FNs ordningar for sjuketrygd og ulykkesforsikring

Generell informasjon

For spørsmål til FN-stillingane, kontakt Norec ved å sende oss ein e-post på fn_stillinger@norec.no

  • Søknadsfrist: 30. september 2022
  • Arbeidsgivar: Norec
  • Omfang: Heiltid
  • Varigheit: Engasjement
  • Arbeidsstad: Kyiv, Ukraina
Norec – illustrasjonsfoto

To apply for this job please visit estm.fa.em2.oraclecloud.com.