Velkommen til Transits globale kalender
Vil deres organisasjon eller virksomhet ha oppføringer her så kan du nå legge inn selv >> på denne lenken <<. NB: Du må opprette gratis bruker først, via lenke i menyen.

- Dette arrangement har allerede funnet sted.
DR Kongos FN-problem
august 31, 2022 @ 08:30 – 09:30
Morten Bøås (Nupi) i samtale med Thor Olav Iversen (UiB)
Merk: Møtet er i Bergen Globals lokaler i Jekteviksbakken 31. Det er også mogleg å følge med digitalt på Zoom. Gratis frukost vert servert i Jekteviken.
Befolkninga i Kongo er møkk lei FN. Dei fredsbevarande styrkane MONUSCO har vore i landet sidan 2010, men likevel vert situasjonen for sivilbefolkninga berre verre og verre. Dei to siste åra har Flyktninghjelpen kåra DR Kongo, med over fem millionar internt fordrivne, til verdas mest neglisjerte flyktningkrise.
Kva ligg bak konfliktane i Aust-Kongo? Korleis vart krisa så stor? Og kvifor demonstrerer kongolesarar no mot FN?
Panel:
Morten Bøås er seniorforskar ved Nupi og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landrettar, statsborgarskapkonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk.
Thor Olav Iversen (UiB) er stipendiat ved Senter for vitskapsteori, UiB.