Nettside Norec
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid. Som ein etat under Utanriksdepartementet er vi ein del av Noregs samla innsats for å nå FNs berekraftsmål.
Om stillinga
Norec skal bidra til å nå måla i norsk utviklingspolitikk gjennom internasjonalt samarbeid og gjensidig utveksling. Visjonen vår er at vi gjennom gjensidig utveksling skal lære kvarandre å tenke større, leve berekraftig og byggje ansvarlege lokalsamfunn. Gjensidigheit står sentralt i arbeidet vårt, og vi skal bidra til at fleire verksemder tek i bruk utveksling for å utvikle kunnskap for framtida.
Programavdelinga har fire seksjonar og forvaltar Norec sine tilskot til internasjonale utvekslingsprosjekt. Avdelinga handsamar søknadar om tilskot og følgjer opp utvekslingsprosjekt mellom verksemder i Noreg og samarbeidsland i Afrika, Asia og Latin-Amerika.
Avdelinga legg også til rette for kompetansebygging gjennom kurs for deltakarar og verksemder. Ho har ei sentral rolle i å utvikle Norec som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid og i å styrke arbeidet med kunnskapsutvikling og læring. Kunnskap frå prosjekt, forsking og evalueringar skal systematiserast, delast og brukast til læring og vidareutvikling.
Vi søkjer no ein strategisk programdirektør som skal leie og vidareutvikle dette arbeidet.
Ansvar og oppgåver
Programdirektøren har det overordna ansvaret for å leie og vidareutvikle dei fire seksjonane i programavdelinga og har personalansvar for seksjonsleiarane. Som avdelingsdirektør er du ein del av toppleiargruppa og bidreg aktivt i det strategiske arbeidet i Norec.
Leiarane våre skal vere lagspelarar og tydelege rollemodellar som bidreg til godt samarbeid på tvers av organisasjonen og til at Norec når måla sine.
Som programdirektør skal du sikre god kvalitet i forvaltinga og drive fram forbetring og effektivisering. Det inneber mellom anna å utvikle korleis vi innhentar, systematiserer, deler og brukar kunnskap, og leie dei endringane dette krev.
Du skal også samarbeide med eksterne aktørar, både nasjonalt og internasjonalt.
Erfaring og kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har leiarerfaring og relevant høgare utdanning. Du må ha god forståing for politiske prosessar og offentleg forvalting. Erfaring frå bistand eller internasjonalt arbeid er ein fordel.
For å trivast og lykkast i rolla må du ha eit tydeleg samfunnsengasjement og interesse for norsk utviklingspolitikk.
Vi ser etter deg som
- er nytenkjande og strategisk orientert
- har erfaring med omstilling, utviklingsarbeid og endringsleiing
- har erfaring med kunnskapsutvikling og med å bruke forsking, analyse eller evaluering som grunnlag for læring
- er ein dyktig relasjonsbyggjar
- kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- er ein trygg formidlar og kan representere Norec på ulike arenaer, nasjonalt og internasjonalt
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ser særleg etter deg som
- er ein trygg og initiativrik leiar som evnar å motivere dyktige fagfolk, også gjennom endring
- har sterk fagleg og personleg integritet og står støtt i møte med fagleg motstand og kritikk
- er open og lyttande og har god evne til å skape tillit
- blir motivert av leiarrolla
I tråd med verdiane våre er vi opptekne av at du torer å utfordre, viser respekt og opptrer engasjert og profesjonelt.
Vi tilbyr
Som programdirektør får du ei sentral leiarrolle i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. Du blir ein del av toppleiargruppa og får vere med på å forme den strategiske utviklinga av Norec.
Vi tilbyr også
- eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
- ein internasjonal arbeidskvardag i Førde
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
Stillinga har kontorstad i Førde. Lønn er frå 996.000 – 1.250.000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Les dette før du søkjer
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønskjer Norec medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå offentlegheit (jf. offentleglova § 25). Dersom søknad om unntak ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla før offentleggjering av søkarliste.
Kontaktperson og søknadsfrist
Ta gjerne kontakt med Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg, telefon 975 59 036, for nærare opplysningar. All kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivaren.
Søknad og CV skal sendast snarast råd og seinast innan 29. september 2026.
Om Norec
Norec er eit forvaltingsorgan under Utanriksdepartementet (UD), og ein del av den samla innsatsen for å nå dei overordna måla i norsk utviklingspolitikk.
Norec legg til rette for globale partnarskap og nettverk gjennom utveksling av personell og kompetanse. Som kompetansesenter utviklar og deler vi kunnskap om utveksling og internasjonalt samarbeid. Vi arbeider også for å styrke norsk representasjon i internasjonale organisasjonar.
Frå 1. januar 2025 er ansvaret for evaluering av norsk utviklingssamarbeid lagt til ei fagleg uavhengig avdeling i Norec.
Norec har om lag 60 tilsette og held til i Førde. Sjå www.norec.no for meir informasjon.
To apply for this job please visit id.jobbnorge.no.







