– Eg er glad for at feltsjukehuset vi donerte for nokre år sidan blir brukt i kampen mot Covid-19. Donasjonen utstyrer dei med grunnleggjande verktøy for å kjempa mot viruset. Det er også eit lite symbol på vår takksemd til eit alliert land som vi ser på som ein god venn, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen i ein pressemelding.
Måndag 13. juli vart norsk-donert medisinsk utstyr, som inkluderer ansiktmasker, termometer og vernebriller overlevert til Nord-Makedonia for å støtte dei i kampen mot Covid-19.
Donasjonen er resultatet av eit militært medisinsk samarbeid som starta i 2007. Då vart makedonske legar og sjukepleiarar sendt til Noreg for å bli opplærd av Forsvarets Sanitet til fullt kvalifiserte kirurgiske team. Etter opplæringa vart sju kontingentar av makedonske kirurgiske team sendt ut til Afghanistan og integrert i det norskleidde gjenoppbyggingsteamet i provinsen Faryab (PRT).
Då Noreg i 2012 donerte eit feltsjukehus til Nord-Makedonia lovde norske styresmakter at når feltsjukehuset vart tatt i operativ bruk, så ville det følgje med medisinsk utstyr. Noreg og Serbia har også støtta med utdanning og trening av dei som jobbar på feltsjukehuset.
Frå april har Nord-Makedonia nytta feltsjukehuset til å doble kapasiteten til å handsame Covid-19 pasientar ved «Infectious Disease Clinic» ved sjukehuset i Skopje.
Nord-Makedonias forsvarsminister Radmila Sekerinska uttrykkjer takksemd for Noreg si støtte til Nord-Makedonia:
– Feltsjukehuset vi fekk tidlegare og denne donasjonen av medisinsk utstyr er uvurderlege instrument i kampen mot Covid-19, seier ho.
Vidare understrekar ho at eit slikt samarbeid er ein vinst av medlemskapet i NATO som Nord-Makedonia fekk no i vår.