Krisa i Moldova kjem òg av intern maktkamp

Russland speler ei rolle i kulissane, men dragkampen om det vesle landet si politiske framtid har mange ingrediensar. Ikkje minst pengar.

Av: Øyvind Strømmen, forfattar og frilansjournalist

På ein pressekonferanse for nokre veker sidan anklaga Moldovas president, den Europa-orienterte Maia Sandu, Russland for å planlegga eit kupp i landet.

Dette skjedde ikkje lenge etter at den moldovske statsministeren Natalia Gavrilița – som representerte Sandu sitt eige parti, PAS — hadde gått av, mykje på bakgrunn av dei økonomiske krisetidene som har råka landet i kjølvatnet av krigen i nabolandet Ukraina. Moldova har i betydeleg grad vore avhengig av både import av russisk gass og av elektrisitet frå Ukraina, og energiprisane har difor gått i taket.

Sjølv om PAS har reint fleirtal i parlamentet etter eit brakval sommaren 2021 , og sjølv om ein ny PAS-støtta statsminister, Dorin Recean, snart tok over, har det vore turbulent i Moldova i det siste. I månadsvis har det vore jamnlege demonstrasjonar mot høge energiprisar i den moldovske hovudstaden Chișinău.

Delvis har demonstrasjonane vore eit resultat av både sinne og fortvilelse. Samstundes har andre søkt å utnytta situasjonen. Det peikte Sandu også på under pressekonferansen. Ho fortalte at den  moldovske tryggleikstenesta i fjor haust hadde gripe inn i fleire saker som involverte «organiserte kriminelle element», og gjennom dette hadde stansa forsøk på voldsbruk i samband med demonstrasjonane.

Opplysningar frå ukrainsk etterretning

No, sa Sandu, inkluderte planane om kuppforsøk folk med militær bakgrunn, frå fleire ulike land. Ho nemnde ikkje berre Russland og Kviterussland, men også Serbia og Montenegro. Kledd som sivile skulle desse ta kontroll over regjeringsbygg, og også ta gislar. Målet, hevda Sandu, var å kasta om på den konstitusjonelle ordenen i Moldova, for slik å leggja landet i hendene på Russland og stogga den europeiske integreringsprosessen.

Moldova fekk, til liks med Ukraina, kandidatstatus i EU i fjor sommar. Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov har skulda «Vesten» for å ville gjera Moldova til «endå eit anti-Russland» og «det neste Ukraina», og for å ha satt inn Maia Sandu som ei «vestleg handdukke» for å dra landet inn i NATO og EU.

Under pressekonferansen viste Sandu også til dokument som moldovsk etterretning hadde fått frå Ukraina. Ifølgje henne viste dokumenta at krefter internt i Moldova også var involvert i kupplanane – inklusive tilhengjarar av det prorussiske partiet Șor, og tilhengjarar av den tidlegare så mektige oligarken Vladimir Plahotniuc.

LES OGSÅ: Russland hevder Ukraina planlegger invasjon av Transnistria

Russland og Serbia avviser anklagene

Russland avviste ganske straks anklagene. Serbiske myndigheiter stilte seg også avvisande til påstandane om at serbarar skulle vera involvert, og forlanga meir informasjon. At ei gruppe serbiske fotballfans vart stogga på flyplassen i den moldovske hovudstaden Chișinău som moglege sabotørar og sendt attende til Serbia dagen etter pressekonferansen, gjorde neppe diplomatiet mellom dei to landa ei teneste.

Også statsministeren i Montenegro, den grøne og pro-europeiske politikaren Dritan Abazovic, meinte fråsegna frå Sandu «høyrdest noko hard ut. Han understreka at han ikkje visste noko meir enn det som stod i pressa, men ville samstundes ikkje utelukka at «uansvarlege menneske» i Montenegro kunne vera involvert.

Også internt i Moldova er det fleire som har ytra seg sterkt kritisk til Sandu sitt utspel. Heilt nyleg har til dømes den politiske leiaren i den autonome regionen Gagauzia sør i landet, Irini Vlah, hamra laus på presidenten. «Sandu kjem med meldingar som held folk i frykt. Ingen har stadfesta hennar påstandar om destabilisering, om forsøk på statskupp, ingen, verken USA eller Romania», sa Vlah i eit intervju med den internettbaserte TV-kanalen OrizontTV. Ho anklaga jamvel Sandu for å villa etablera eit diktatur «under dekke av tragedia i Ukraina».

Maia Sandu. Dette bildet er fra kongressen til European People’s Party i Zagreb i 2019. Foto: Wikimedia / European People’s Party / CC BY 2.0

LES OGSÅ: Politisk splittet men forent om flyktninger

Den frosne konflikta

For å forstå kva som skjer i Moldova i dag, er det naudsynt å gå attende i tid. Lat oss byrja tidleg på 1990-talet, då den tidlegare sovjetrepublikken vart uavhengig. I mange tiår hadde Moldova vore prega av russifisering, sjølv om fleirtalet av innbyggjarane var og er rumenskspråklege. I det sovjetiske Moldova vart rumensk lenge skrive med kyriliske bokstavar. Under store delar av sovjettida hadde også kontakten med den rumenske kultursfæra vore liten, noko som og var eit resultat av den rumenske diktatoren Nicolae Ceaușescu sin isolasjonistiske politikk. 

I 1989, medan Moldova stadig var ein del av Sovjet, vart det latinske alfabetet gjeninnført og rumensk gjort til offisielt språk. I 1990 vart flagget endra til den tradisjonelle trikoloren i dei rumenske fargane. Nokre tok også til orde for at Moldova igjen burde bli ein del av Romania, slik det meste av landet var i mellomkrigstida. Ceaușescus fall i desember 1989 bidrog til å styrka den tanken.

Samstundes vaks det fram separatisme i to regionar. Aust i landet, i det tungt industrialiserte Transnistria, utgjorde ukrainsk- og russiskspråklege til saman fleirtalet, og dei rumenskspråklege var i mindretal. I Gagauzia i sør var fleirtalet gagausarar, ei folkegruppe som snakkar eit språk i den tyrkiske språkfamilien. I Gagauzia og Transnistria vart eigne sovjetrepublikkar erklært oppretta, sjølv om dette ikkje vart godkjent verken i Chișinău eller i den sovjetiske hovudstaden Moskva.

Så, i 1991, erklærte Moldova seg sjølvstendig. I Transnistria braut det ut krig. Mykje takk vere direkte innblanding frå russiske styrker vart dette området verande de facto uavhengig slik det fortsatt er. Transnistria har sitt eige statsapparat, sin eigen hær og sin eigen valuta, transnistriske rublar. På nokre måtar er det å reisa inn i Transnistria difor som å reisa inn i eit gigantisk museum. Den smale landstripa er framleis «sovjetisk» i framtoning. Ein skal ikkje sjå seg om lenge før ein ser både hammar, sigd og raude stjerner. Nasjonalforsamlinga heiter stadig verkhovny sovjet, det øvste sovjet, og utanfor står ei statue av Lenin.

Fra Tiraspol, hovedstaden i Transnistria. Bilde er fra 2019. Foto: Wikimedia / CC BY-SA 3.0

Skraper ein i overflata dukkar noko anna fram. Transnistria er i hendene på pengesterke oligarkar. Konsernet Sheriff er dominerande i daglegvarehandelen, og Sheriff-sjefen Viktor Gusjan er også Transnistrias eigentlege sterke mann og den som har mest påverknad i området, både økonomisk og politisk. Gusjan eig også fotballaget Sheriff Tiraspol.

Samstundes er Transnistria eit døme på såkalla «frosne konflikter» i den tidlegare sovjetsfæra. Slike finn ein fleire stader, mellom anna i Georgia, og i Ukraina før den russiske invasjonen i februar 2022. For russiske myndigheiter har slike ikkje-anerkjente republikkar vore hendige verktøy for å sikra seg påverknad på andre land sin politikk. Transnistria kan seiast å ha tent som ein modell for russisk innblanding i det austlege Ukraina, fram til russarane gjekk til fullskala invasjon og annekterte dei påståtte «folkerepublikkane».

Idag er rundt 1500 russiske soldatar stasjonert i Transnistria. Rundt halvparten av soldatane er «innfødde» transnistrarar, som har blitt gjeve russisk pass. De facto-staten si tryggleiksteneste, med det klingande namnet MGB, vert dessutan rekna som eit underbruk av den russiske tryggleikstjenesten FSB. Det er difor ikkje utan grunn at Europarådets parlamentikarforsamling i mars 2022 erklærte Transnistria som moldovsk territorium under russisk okkupasjon.

Transnistria speler samstundes ei viktig rolle i Russland sin politikk rundt Moldova. 22. februar trakk Vladimir Putin attende ei tidlegare fråsegn som – i det minste verbalt – anerkjente moldovsk suverenitet over området.

Samstundes er biletet meir komplisert. Sjølv om transnistriske myndigheiter stadig vekk understrekar sitt tilhøyre til den «russiske verda», tyder mykje på at Sheriff-sjef Gusjan – som altså er Transnistrias eigentlege sterke mann – ikkje er vidare interessert i å verta dregen inn i den russiske krigen mot Ukraina. Pengar er viktigare.

SE OVERSIKT: Alle artikler Transit Magasin-artikler om Transnistria

Plahotniuc’ fall

Også i sjølve Moldova hadde søkkrike forretningsmenn lenge grepet om politikken. Så nyleg som i 2018 var ein av dei, Vladimir Plahotniuc, rekna som landets mektigaste mann. Plahotniuc leia landets nominelt sosialdemokratiske parti, Moldovas demokratiske parti (Partidul Democrat din Moldova, PDM), og sat i røynda med bukta og minst ein av endane i landets politiske og økonomiske liv. Også rettsvesenet hadde han monaleg kontroll over.

Den gongen var det difor ikkje uvanleg å omtala Moldova som ein captured state, ein stat så gjennomsyra av korrupsjon at den likna meir på eit skurkevelde enn noko anna, trass i tilsynelatande demokratiske strukturar.

Men i 2018 vann den PAS-allierte politikaren Andrei Năstase ordførarvalet i Chișinău. Sjølv om valet snart vart tilsidesatt på grunn av påståtte brot på regelverket mot valkamp på sjølve valdagen, gav det eit signal om at noko var i emning. Året etter vart det moldovske parlamentet delt om lag i tre, mellom Plahotniucs PDM, det prorussiske sosialistpartiet PSRM, og valalliansen ACUM, der både både PAS og  Năstase deltok. Det førte til ein heller fastlåst situasjon, fram til det oppstod ei uventa allianse mellom ACUM og dei prorussiske sosialistane i PSRM.

Maia Sandu vart statsminister, og overlevde ei konstitusjonell krise som vart utløyst av Plahotniuc’ sine støttespelarar. I juni 2019 forlot Plahotniuc landet. Han hadde mista grepet om Moldova. I dag lever han i Tyrkia.

Då eg intervjua PAS-parlamentarikar Mihai Popșoi for Transit Magasin i desember 2021 la han ikkje fingrane mellom: – Me gjekk inn i ein allianse med den prorussiske venstresida for å verta kvitt Plahotniuc. Plahotniuc var eit eksistensielt trugsmål mot det moldovske demokratiet.

Ein svindlars populisme

Med Plahotniuc ute av spel, brast alliansen mellom ACUM og PSRM snart. I november 2019 måtte Sandu gå av som statsminister. Men litt over eit år seinare vann ho presidentvalet. Så fulgte PAS sin valsiger sommaren 2021. Dei nye myndigheitane starta omfattande reformar. Det kunne sjå vonefullt ut for Moldova.

Men som Popșoi også understreka i desember 2021: – Restane av det oligarkiske systemet er der framleis.  Det vil ta tid å få fjerna dei som har tent oligarkane, og finna gode erstattarar. Dei strittar sjølvsagt mot, de iføretrekk status quo, føretrekk å ha kontroll.

Det handlar ikkje berre om Plahotniuc. Ein annan søkkrik forretningsmann som har spelt ei viktig rolle i moldovsk politikk heiter Ilan Șor. Den tidlegare ordføraren i byen Orhei leier partiet som ber namnet hans, og som fekk i underkant av ni prosent av røystene ved førre parlamentsval.

Șor-partiet er eit vanskeleg parti å klassifisera. Dei tek til orde for ein sterk velferdsstat, nasjonalisering av energisektoren og det dei kallar moderne kollektivbruk i landbruket, men også for å letta presset på næringslivet. Șor har lova å halda på Moldovas nøytralitetsline, men ber samstundes med seg både sovjetnostalgi og ei tydeleg prorussisk haldning.

I spissen for partiet sit Șor sjølv. I 2017 vart han dømd for å ha stått bak ein gigantsvindel mot tre moldovske bankar. Men før ankesaka kom opp, stakk han av til Israel. Det amerikanske finansdepartementet har satt Șor på ei sanksjonsliste, og skuldar han både for å ha tette band til Kreml, og for å ha samarbeida med andre oligarkar for å skapa politisk uro i Moldova. Når Sandu snakka om «organiserte kriminelle element» i samband med det ho omtalte som kupplanar, er det mellom anna dette ho siktar til.

Det er då også lita tvil om at Șor har forsøkt å egga opp til uro i Moldova, inklusive gjennom Facebook-annonser. Også i dei nylege demonstrasjonane mot landets myndigheiter har partiet hans spela ei vesentleg rolle. Tidlegare har Ilan Șor sjølv delt bilete frå demonstrasjonar kombinert med anklager mot «millionærar frå PAS». Det ligg nokre skrikande paradoks der.

Samstundes gjev dette heile den moldovske regjeringa eit problem: Korleis skal ein skilja mellom legitime protestar – som er ein grunnleggjande demokratisk rett – og målretta forsøk på destabilisering? Korleis skal det fattige landet avhjelpa ei djuptgåande energikrise, som skaper sinne og fortviling samstundes som krisa gjev Moskva og regjeringsfiendtlege oligarkar på heimebane noko å spela på?

Den moldovske regjeringa har bedt landets grunnlovsdomstol om å innleia ein prosess med sikte på å forby Șor-partiet, basert på ei anklage om at dei – i strid med grunnlova – undergrev det moldovske demokratiet og sjølvstyret. Medan det er mogleg å argumentera for denne anklaga, vil eit slikt forbod på ingen måte fjerna den reelle misnøya.

Lærepengar

Samandraget over gjer eit bakteppe for krisa som no foregår, og tydeleggjer også kvifor vegen fram til ein moldovsk EU-medlemskap er lang. Både konflikta om Transnistria, eit skjørt demokrati og korrupsjon er hinder på vegen. Samstundes er det mogleg å dra fleire lærepengar frå det vesle landet.

Det handlar ikkje berre om bruken av «frosne konflikter», men også om korleis økonomisk krigføring frå Russland legg til rette for ei folkeleg misnøye som igjen kan utnyttast. Moldovske myndigheiter har framleis ikkje gjort så mykje kjent om bakgrunnen for anklagene om kuppforsøk. Ei uavhengig stadfesting av påstandane manglar.

Samstundes er det liten tvil om at Russland ser seg tent med å sveikka den moldovske regjeringa, og med å sveikka deira forsøk på knytta landet tettare saman med Europa.

Fakta: Moldova og Transnistria

  • Moldova har snaut 3,6 millioner innbyggere, og var en del av Romania før området ble innlemmet i Sovjetunionen under andre verdenskrig.
  • Europas fattigste land, og ett av de mest korrupte.
  • Rundt 78 % er etniske moldovere, og rundt 14 % ukrainere og russere. Offisielt språk er rumensk, og majoriteten snakker moldovisk (en rumensk dialekt).
  • Utbryterrepublikken Transnistria (også kalt Trans-Dniestr, på russisk Pridnestrovie) ligger mellom Ukraina i øst og elven Dnestr i vest, og er i følge FN en del av Moldova. Hovedstad er Tiraspol, president er Vadim Krasnoselskij.
  • Transnistria erklærte seg uavhengig fra Moldova 2. september 1990. I kjølvannet av uavhengighetserklæringen fulgte Transnistriakrigen, der sovjetisk-russiske styrker involverte seg på Transnistrias side. Våpenhvile ble underskrevet av Russlands president Boris Jeltsin og Moldovas president Mircea Snegur 21. juli 1992.
  • I mars 2014, rett etter Russlands annektering av Krim, fikk moldovere visumfrihet til EU.
  • 27. juni 2014 signerte Moldova og EU en assosiasjonsavtale og en omfattende frihandelsavtale, fremskyndet av Ukraina-krisen.
  • Siden den russiske invasjonen i nabolandet Ukraina i fjor, har Moldova fryktet å bli trukket inn i konflikten. Det står også store, russiske styrker i Transnistria.
  • 14. februar i år anklaget president Maia Sandu Russland for å forberede et kupp i Moldova.

Denne artikkelen er delvis finansiert med støtte fra Fritt Ord.

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
858FølgereFølg
- Annonse -

SISTE NYTT