Praktikantplass ved ambassaden i Dhaka – våren 2024

    Nettside Den norske ambassaden i Dhaka

    Praktikantplass ved ambassaden i Dhaka våren 2024

    Ambassaden i Dhaka tilbyr ein praktikantplass for ein norsk student våren 2024.

    Søknadsfrist: 01.10.2023 

    Er du ein nysgjerrig, fleksibel og positivt innstilt student på jakt etter ei unik utfordring? Har du lyst på eit halvår som gjev deg erfaringar svært få andre studentar i Noreg kan vise til? Vil du bidra til Noreg sitt arbeid i utanrikstenesta og samtidig få eit grundig innblikk inn i arbeidskvardagen på ein norsk ambassade? Då bør du søkje om å bli den neste studentpraktikanten ved ambassaden i Dhaka! 

    Dhaka er ein svært relevant stad å ha eit praktikantopphald, uansett om du er interessert i økonomi, internasjonal politikk eller utvikling. Bangladesh er ein av dei raskast veksande økonomiane i Asia, og har hatt særs positiv utvikling i levestandard. Med sine 170 millionar menneske og ei plassering midt i Bengalbukta og midt i Asia aukar også den strategiske viktigheita til landet i internasjonal politikk .  

    Som studentpraktikant i Dhaka arbeidar du med varierte oppgåver. Ambassaden gjev studentpraktikanten høve til å arbeide innan mange ulike område. Nokre døme er politisk og økonomisk rapportering, strategisk planarbeid og administrasjonsarbeid. Praktikanten vil også delta på ulike eksterne arrangement.  

    Noverande og tidlegare praktikantar har blitt godt tatt imot av både dei lokale og det internasjonale miljøet i Dhaka. Eit breitt tilbod av idrettsaktivitetar, sosiale middagar og turar rundt om i landet vert jamleg arrangert, så det er nok å ta seg til utanfor arbeidstid. Megabyen Dhaka kan opplevast som både kaotisk og uoversiktleg i byrjinga, men med ei positiv innstilling og litt eventyrlyst blir ein fort kjent og komfortabel. Ambassaden har flotte og moderne lokale og delar kontor med Sverige og Danmark. Danmark har tre studentpraktikantar og Sverige har ein, så det er i alt fem praktikantar på kontoret. Noreg har tre utsendte og tretten lokalt tilsette.

    Føljande vilkår gjeld for praktikantopphaldet: 

    • Søkjaren må vere norsk statsborgar og medlem av norsk folketrygd. 
    • Søkjaren må studere på høgare utdanningsnivå, og det er ynskjeleg med søkjarar som har fullført bachelorgrad. Søkjaren må vere tilknytt ein godkjent norsk lærestad eller ein lærestad i utlandet godkjent av Lånekassen 
    • Praktikantordninga er ikkje løna, men eit stipend (pt på 15.500 kr pr. månad) blir gitt. Stipendet vil i dei fleste høve vere tilstrekkeleg for å dekke dei faste utgiftene knytt til opphaldet i Dhaka. Praktikanten er sjølv ansvarleg for å skaffe seg bustad og reise til/frå Dhaka. Noverande studentpraktikant vil vere tilgjengeleg til å hjelpe med å skaffe bustad.  
    • Du treng visum, som bør søkjast om i god tid før avreise. 
    • Søkjaren kan ikkje ha vore studentpraktikant i utanrikstenesta tidlegare.   

     Slik søkjer du: 

    • Før du søkjer, bed vi deg om at les om studentpraktikantordninga på Utanriksdepartementet sine nettsider 
    • Vi bed om at du sender søknadsbrev ( maks ei side), CV og vitnemål samla i ei PDF-fil til emb.dhaka@mfa.noEventuelle spørsmål kan også rettast hit, eller ta kontakt på WhatsApp på nummer +8801755639217.  
    • Merk søknaden din med «Praktikant våren 2024 – «Ditt fulle namn». Opplys også gjerne om du har søkt praktikantopphald ved andre ambassadar.  
    • Vi bed om at søknaden vert skrive på norsk.  

    Vurderingskriterium 

    Når vi vurderer søknadane kjem vi til å legge vekt på relevant fagleg bakgrunn, sjølvstendigheit, gode samarbeidsevner og gode skriftlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til skriftleg prøve og digitalt intervju.  

    Vi ser fram til å ta imot din søknad!