Programrådgivarar i Norec

    • Fast stilling
    • Førde

    Nettside Norec

    Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid. Som etat under Utanriksdepartementet er vi ein del av Noregs samla innsats for å nå FNs berekraftsmål.

    Har du lyst til å vere med å skape engasjement for internasjonale utviklingsspørsmål?

    Er du ein god rettleiar og saksbehandlar som vil jobbe med å følge opp internasjonale utvekslingsprosjekt? Då kan det hende vi har jobben for nettopp deg!

    Vi har ledig ei fast stilling og eitt eller fleire vikariat på inntil eitt år. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og sakshandsame Norec sine tilskot til verksemder og organisasjonar i både privat og offentleg sektor. Ei anna viktig arbeidsoppgåve blir å følge opp prosjekta Norec gir tilskot til, mellom anna gjennom prosjektbesøk i ulike delar av verda.

    Prosjekta som får tilskot frå Norec blir gjennomførte som partnarskap mellom aktørar innan sivilsamfunn, næringsliv og offentleg sektor i utvalde samarbeidsland verda over.

    Norec har også tverrfaglege arbeidsgrupper internt der du som programrådgivar vil få ansvar og oppgåver ut frå kompetanse og faglege interesseområde.

    For å lykkast i jobben som programrådgivar, må du vere god til å samarbeide og trivast med mangfald. Programrådgivarane våre kommuniserer med partnarskap over heile verda, og det er difor viktig at du har gode språkferdigheiter og formidlingsevner.

    Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?

    Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec ser ut? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?

    Kontakt gjerne programrådgivar Eirik på e-post, og spør om det du vil vite meir om.

    Har du spørsmål til sjølve stillinga, kan du ta kontakt med seksjonsleiar. Kontaktinformasjon finn du nedst i annonsen.

    Kvalifikasjonar

    • relevant høgare utdanning, til dømes innan samfunnsvitskap
    • minst to års erfaring med saksbehandling og/eller tilskotsforvalting
    • kompetanse innan forvalting, helst erfaring med tilskotsforvalting eller annan type prosjektforvalting
    • gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk kan også vere ein fordel

    Vi ser gjerne at du har internasjonal arbeidserfaring, bistandskompetanse eller kunnskap om globale samarbeid. I tillegg må du ha god interkulturell forståing.

    Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Vi legg vekt på at du er personleg eigna.

    Om deg

    • Du set pris på ein variert arbeidskvardag.
    • Du er resultatorientert, tar ansvar og initiativ.
    • Du jobbar sjølvstendig, er god på å prioritere og har god gjennomføringsevne.
    • Du medverkar positivt i arbeidsmiljøet.
    • Du ønsker litt reising i jobben.

    Vi tilbyr

    • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
    • ein arbeidsgivar som legg vekt på utvikling og kompetanseheving
    • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
    • moglegheit for trening i arbeidstida
    • høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse

    Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

    Stillingane blir lønna etter statens lønnsregulativ som rådgivar (kode 1434) med lønn frå kroner 550.000 til kroner 670.000 eller som seniorrådgivar (kode 1364) med lønn frå kroner 615.000 til kroner 740.000. Lønnsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

    Les dette før du søker

    Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

    Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.

    Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.

    Spørsmål om stillinga

    Tehetena Woldemariam, seksjonsleiar næringsliv og offentleg sektor

    +47 986 48 521

    tehetena.woldemariam@norec.no

    Nina Aas, seniorkonsulent HR

    +47 99 31 25 40

    nina.aas@norec.no

    To apply for this job please visit id.jobbnorge.no.