Overvekt blant barn aukar, også i Noreg. Forskarar har nå kartlagd usunn matreklame som barn får rett inn i mobilen sin. Ved hjelp av ein app har forskarane kartlagt kva for reklamar barn og unge får inn på mobilen sin når dei brukar Facebook, Instagram, Twitter og Youtube.

– Det er ein samanheng mellom overvekt og reklame for usunn mat og drikke, seier Kamilla Knutsen Steinnes ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO, OsloMet, i en pressemelding.

Saman med Vilde Haugrønning har ho stått for eit pilotprosjekt i regi av Verdas helseorganisasjon (WHO). Store delar av Europa, samt Canada, er involvert i prosjektet, og Noreg er først ute.

Reklamar for pizza, kjøtt og brus

Forskarane finn at mat og drikke er ein av mange marknader som konkurrerer om merksemda til barna. Av 5.076 annonsar var ein av ti reklame for mat og drikke. Enda meir ville dei fått inn dersom Snapchat og TikTok var med, trur forskarane.

Dei ti mest annonserte matvarene var pizza, produkt av kjøtt, biffburgar, produkt av fisk, iskrem, søta drikke utan tilsett sukker, mjølkesjokolade, energidrikke, havregryn og søta drikke med tilsett sukker.

WHO strengare enn Noreg

Åtte av ti av desse reklamane er ikkje tillate, i følgje WHOs retningsliner. I Noreg er reglane mindre strenge. Vi har ikkje regulering, men sjølvregulering. Det er altså bransjen sjølv som regulerer kva for reklame dei sender ut.

– Sjølvregulering gjeld berre for reklame mot barn under 13 år. Reklamar retta mot barn over 13 år er ikkje inkludert i ordninga, forklarar Steinnes.

– Eksponeringa mot tenåringar er veldig høg, legg Vilde Haugrønning til.

Skreddarsydd reklame

Appen fangar opp reklame som er skreddarsydd mot barn, basert på barnas aktivitetar. Barnet er hovudbrukar av eininga og dei installerte plattformane for sosiale medium.

– Vi fann til dømes ein reklame for iskrem, fronta av artisten Astrid S. Og reklame for energidrikk med gamingkarakterar, begge tydeleg retta mot barn og unge, seier Haugrønning.

I følje WHOs reglar er det ikkje lov til å reklamere for energidrikkar mot barn og unge. I Noreg er det opp til bransjen si sjølvregulering. Som altså berre gjeld for barn opp til 13 år.

Påverknad frå influensarar

– Frå tidlegare studiar veit vi kor stor påverknadskraft influensarar har. Reklame for usunn mat og drikke kan påverke både inntak og haldningar og preferansar, seier Steinnes.

– Tidlegare studiar tyder på at når ein influensar viser usunn mat får følgjarane lyst til å ete den maten etterpå. Viss dei marknadsfører sunn mat får ikkje barna lyst på den på same måte, forklarar ho.

Dessutan seier barna sjølv at dei trur dei vert påverka meir enn dei er klar over av influensarane.