Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Blå humaniora: Mennesket har erobra havet med kart og modellar

Sjøkart har vore viktige for å gje oss kunnskap om verdas hav. Men samtidig har dei avgrensa kva slags førestillingar vi kan ha om havet, også i spørsmål om klima og berekraft.

ei sak frå mai visualiserer Aftenposten Arktis sine maritime grenser. Arktis er ikkje eigd av nokon, men fleire, mellom anna Kina og USA, ønskjer å utvinne dei enorme ressursane – samt å segle igjennom, ettersom isen smeltar og nye passasjar opnast. 

Kartet i Aftenposten viste både Arktis i dag og korleis det kan kome til å bli når isen er borte. 

Ifølgje Ellen Marie Krefting, professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo, føyer saka seg inn i ein mange hundre år gamal tradisjon.   

– Kart har vore handlaga, trykte, dei har blitt brukte for å symbolisere makt, territorium og definere ressursar under overflata. Og sjølvsagt til å navigere. Heilt frå 1600-talet og til i dag har sjøkartet vore eit stabilt format, sjølv om teknologien har endra seg, seier ho. 

– Ein må forstå historia 

Også modellar og register er kunnskapsformat som har hjelpt oss å forstå havet, ifølgje Krefting. 

BLÅ HUMANIORA: Tradisjonelt er det naturvitarane som har forska på havet. Idéhistorikar Ellen Krefting har tru på at «blå humaniora» kan gi ny kunnskap om havet. Foto: UiO

– Havet er noko stort, utilgjengeleg og vanskeleg å forstå. Difor har vi utvikla teknologiar og hjelpemiddel. Men korleis vart desse hjelpemidla til? Kva moglegheiter har dei gjeve oss for å vere miljøbevisste? Og korleis har dei avgrensa oss?

Dette er spørsmål Krefting og kollegaer undersøker i prosjektet «Maritime moderniteter», som starta i 2021. Her jobbar humaniora-forskarar for å undersøkje korleis kunnskap om havet har blitt produsert og etablert frå 1600-talet og til i dag. 

– Ein grunntanke i mitt fag er at viss vi forstår historia, kan vi lettare forstå kvar vi er i dag og kvifor vi hamna akkurat her, seier ho. 

Ho meiner at det også kanskje kan hjelpe oss å snu kursen viss det trengs. I dag er det ein viss sjanse for nettopp det, ifølgje idéhistorikaren.

Uavgrensa ressursar?

– Vår moderne tenkemåte er knytt til at havet er ein ressurs som prinsipielt er uavgrensa: at vi berre må finne stadig nye måtar å utnytte det mest mogleg effektivt på. Vi har stadig snakka om vekst, i dag snakkar vi til og med om berekraftig vekst, påpeikar Krefting. 

Krefting meiner at havet lenge har vore ein blindflekk i diskusjonar om «antropocen», der ein ser vår tid som ein geologisk epoke forma av menneske sine handlingar. Med andre ord: Vi har snakka meir om overutnytting av livet på landjorda enn om havet. 

– Men også havet endrast radikalt av menneskeleg aktivitet. Vi vil vise korleis kunnskapsproduksjonen om havet, og formata vi har forstått havet gjennom, tar del i dette. 

Idéhistorikaren meiner at overutnyttinga av ressursar baserer seg på ein tankegang som vi særleg har sett dei siste 200–250 åra. 

– Men i etterkrigstida begynte tankegangen å bli utfordra. Då vaks det gradvis fram kritiske røyster til folkeveksten på kloden, og vi begynte å snakke om miljø,  økologi og behovet for regulering. Vi trudde dette var heilt nytt.

Havregulering på 1600-talet 

Det var det likevel ikkje. Som ekspert på 1600-1700-talshistorie kjenner Ellen Krefting godt til tidleg-moderne fransk havrett. På den tida var Frankrike ei stormakt med ein iver til å lage lovverk for det meste – også havet. 

– På slutten av 1600-talet forsøkte den franske staten å etablere havet som eit rom det var mogleg å regulere, seier ho. 

Jean-Baptiste Colbert, finansminister under kong Ludvig 14., laga lovverk både for innlandsvatn og skogar og for hav og havbruk. I 1682 kom ei stor lov, den såkalla havordonnansen. 

– Alt av ressursar i havet skulle regulerast, anten det gjaldt tang, vrakrestar, fisk eller rav. 

– Lokal erfaring blir nedvurdert 

Eit viktig prinsipp i den franske lova var å ta vare på ressursar til framtidige generasjonar. 

– Eg trur at ein på 1600-talet hadde ei meir lokal og erfaringsbasert forståing av korleis naturen vart truga. Ettersom samfunnet vart meir globalisert og vitskapeleg, tenkte dei som styrte  at lokal erfaring ikkje var så mykje verdt. 

Dette ser vi framleis, meiner Krefting. 

– Skal vi stole på kunnskap i dag, må det opp på eit generalisert naturvitskapleg nivå. Dette er ei nedvurdering av lokale fiskarar og folk sine erfaringar. 

Ho meiner at dette også reflekterast i slagordet for FNs havtiår, som begynte i 2021: «The science we need for the ocean we want»

Målsetjinga er at alle verdas land skal mobilisere for å byggje den vitskapen vi treng for havet vi ønskjer oss.

– Slagordet er interessant fordi det impliserer at det havet vi ønskjer, er noko vi kan skape. Vi tenkjer at vi kontrollerer dette, vi treng berre kunnskapen og teknologien. 

Stiller spørsmål ved det sjølvsagte 

Kart, modellar og register, som skipsloggar og fangstrapportar, har vore viktige for å gje oss kunnskap om havet. Men dei har også ramma kunnskapen inn og avgrensa kva slags kunnskap og førestillingar vi kan ha, påpeikar Krefting.  

– Vi kan oppleve desse hjelpemidla som heilt opplagde, naturlege og sjølvsagde – klart vi lagar kart, over iskanten, for eksempel! Og over havnivået, havbotnen, havstraumar og fiskebestandar. Vi brukar kart til mange slags kunnskapar om havet, seier ho.

Men korleis vart kart eigentleg eit så viktig og resistent kunnskapsformat? Og kva med modellane, alt frå skip i miniatyr til matematiske modellar og framstillingar av havbotnen i tredimensjonale skoesker, korleis vart dei så viktige? 

– Slike format organiserer svært mykje kunnskap om havet og har gjort det i aukande grad over ein 400-årsperiode baserte på stadig større mengder data. Eit instinkt i faget mitt er å stille spørsmål ved kunnskap som vi tenkjer på som sjølvsagt, seier Krefting og utdjupar:  

– Vi nøstar i desse kunnskapsformata ikkje berre fordi dei formar måten vi ser på havet på, men korleis vi bruker hovudet. Kanskje heng tanken om ressursutnytting saman med måten vi organiserer kunnskapen vår på. 

Framveksten av «blå humaniora» 

Tradisjonelt er det naturvitarane som har forska på havet. Men dei siste åra har også litteraturvitarar, antropologar, historikarar og medievitarar stupt uti, og det som kallast blå humaniora har vakse fram.  

Slik har det skjedd ei interesseforskyving frå landjorda til havet innan fleire humanistiske fag. Kreftings forsking er ein del av dette. 

Ho trur at forskinga kan medverke til ei større forståing av havets historie – og at dette kan gje oss nye perspektiv når vi skal stake ut kursen vidare. 

– Det er ikkje slik at menneska vart fødde med kart. Det er ein teknologi vi har funne opp. Men det har blitt så innarbeida og viktig at vi ikkje klarer å førestille oss livet utan. Dess viktigare er det å undersøkje korleis det vart slik, og korleis det har prega måten vi i dag forstår og handlar i verda på, seier Krefting. 

Karta fortel om dei menneskelege interessene

Tilbake til Arktis: Karta vi nyttar for å vise dei mogelige konfliktane i et isfritt Arktis, får ikkje fram korleis den aukande skipsaktiviteten akselererer smeltinga, og heller ikkje korleis det vil påverke økologi og klima, påpeikar Ellen Krefting. 

– Uansett kor presise eller oversiktlege dei er, vil kart alltid ramme inn omgjevnadene våre på bestemte måtar, til ulike formål. Dei fortel vel så mykje om dei menneskelege interessene i dette havområdet som om havet sjølv. 

Krefting meiner det er særleg interessant å følgje med på korleis kartformatet pregar måten vi ser på eit havområde som Arktis på. 

– Det var først i 1921 at Arktis, eller Polhavet, fekk offisiell status som eit hav. Fram til andre verdskrigen vart havet under isen sett på som nærmast dødt, seier Krefting. 

Dette synet har endra seg radikalt, påpeikar ho. 

– No er ikkje Arktis berre politisk og økonomisk omstridt, havet har fått ei nøkkelrolle for økologi og klima. Polhavet endrar seg raskare enn kanskje nokon andre hav i verda, med ulike konsekvens-scenario. Det skaper kart-bonanza: Vi har aldri teikna så mange ulike Arktis-kart som vi gjer i dag. 

Om forskinga

Ellen Marie Krefting er professor i idéhistorie ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) ved Universitetet i Oslo. I prosjektet «Maritime moderniteter» jobbar ho og andre humaniora-forskarar for å undersøkje korleis kunnskap om havet har blitt produsert og etablert frå 1600-talet og til i dag.

Krefting har også tatt del i eit NTNU-leia forskingsprosjekt. Arbeidet om havordonnansen i Frankrike publiserast i ein sluttpublikasjon derifrå seinare i 2022.

Denne artikkelen ble først publisert på nettsidene til Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo, den 11. august 2022. (Lenke)

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
924FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT