Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Syriske innvandrarar får mindre antibiotika i Noreg enn dei er vane med

– Ei av utfordringane med å koma til eit nytt land, er å venja seg til at helsevesenet ikkje fungerer på same måte som i heimlandet.

Det seier George Deeb, som sjølv har reist frå Syria til Noreg. Med farmasiutdanning frå heimlandet i bagasjen tok han for to år sidan mastergraden ved Farmasøytisk institutt, UiO.

I meir enn ti år har borgarkrigen herja i Syria. Mange menneske har blitt på flukt. Rundt 40 000 av dei har kome til Noreg.

– Som farmasøyt var eg interessert i å kartleggja legemiddelbruk blant flyktningar og andre innvandrarar frå Syria, fortel han.

Enkel forklaring på meir antibiotikabruk

Deeb arbeider på eit apotek i Øygarden kommune. Han fekk løyve av kommunen og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) til å gjennomføra ei spørjeundersøking blant syriske flyktningar på introduksjonsprogram i kommunen. I tillegg rekrutterte han deltakarar blant innvandrarar frå Syria som var innom apoteket.

– For dei fleste reseptpliktige medisinane, som var dei undersøkinga vår tok for seg, var endringane i bruk små når vi samanlikna med bruken deltakarane rapporterte frå heimlandet, fortel Deeb.

– Unntaket var antibiotika. Andelen som oppgav å ha brukt antibiotika i Noreg, var under halvparten av dei som hadde brukt antibiotika i Syria.

Han fortel at forklaringa på dette er enkel. Det er mykje lettare å få tak i antibiotika i Syria. Ein kan kjøpa det på apoteket utan resept. Mange har ikkje ein gong snakka med ein lege.

Får beskjed om å drikka vatn

– Vi må forklara at antibiotika berre skal brukast til behandling av bakteriell infeksjon, og berre når legen har bestemt det, seier George Deeb. Foto: Privat

– Det er like lett tilgjengeleg som godteri. I 1988 kom det ei lov som skulle hindra utlevering av legemiddel utan resept, men ingen bryr seg om henne. Dei fleste helsepersonell veit ikkje ein gong at ho finst, fortel Deeb.

Men i Noreg viser undersøkinga altså at antibiotikabruken hjå syrarar er omtrent på same nivå som i resten av befolkninga. Når folk ikkje får medisinane dei er vane med og trur at dei treng, vert dei ikkje uventa urolege og misnøgde. I alle fall til å begynna med.

– Folk har vore til legen og trudd at dei skulle få medisinar, og så får dei berre beskjed om å drikka meir vatn. Då vert det ein del klaging når dei kjem til apoteket, fortel Deeb.

Høgare bruk av smertestillande

– Men vi forklarar dei at antibiotika berre skal brukast til behandling av bakteriell infeksjon, og berre når legen har bestemt det. Etter kvart ven dei seg til det. Kor fort det skjer, varierer naturlegvis frå person til person, men etter eitt år eller to har dei fleste innfunne seg med korleis det fungerer.

Deltakrane i undersøkinga rapporterte å bruka litt meir sovemedisin og antidepressiva enn kva dei gjorde i heimlandet, som ikkje er så overraskande for flyktningane sin del. Det er litt vanskelegare å forstå kvifor bruken av smertestillande er høgare, òg etter at dei kjem til Noreg.

– Vi har samarbeida med Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitet i Bergen, og dei har funne den same høgare bruken av smertestillande i flyktningleirar i Syria, fortel Deeb.

Kan gjelda andre flyktninggrupper òg

– Det kan vera nærliggjande å tru at det er knytt til traumar eller anna dei har opplevd som flyktningar, men det veit vi altså ikkje. Eg håpar eg får høve til å sjå nærare på dette, eller at andre plukkar opp tråden.

Han håpar arbeidet hans kan bidra til at helsevesenet er meir merksame om problematikken rundt legemiddelbruk hjå syriske flyktningar.

– Om vi er førebudde på kva kvardag flyktningane er vane med, håpar eg vi vert flinkare til forklara dei korleis og kvifor det er annleis i Noreg, og dermed kan dempa noko av uroa til pasientane, seier Deeb, og legg til:

– Undersøkinga vår er gjort blant ei relativt lita gruppe innvandrerar og flyktningar frå Syria busette i ein mindre kommune på Vestlandet. Det vil ikkje vera uventa om liknande tilhøve gjeld for andre flyktninggrupper òg, men det kan ikkje undersøkinga vår seia noko om.

Denne artikkelen ble først publisert på nettsidene til Titan.uio.no, ved Universitetet i Oslo, den 21. september 2022. (Lenke)

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
924FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT