Sjeik Adis grav i Lalesh, nord for Mosul i Irak, er jesidenes viktigste helligdom, Lalesh Foto: YZD. Lisens: CC BY SA 3.0
Dette er eit meiningsinnlegg som står for forfattarens reikning.

ANALYSE | Jesidiane i Irak fekk stor merksemd då  den sokalla Islamske Staten  gjekk til angrep på dei i 2014. Hundretusenar vart drivne  på flukt og tusenvis av kvinner vart tekne som slavar.  No er IS sitt territorielle kalifat   historie, men makta over jesidiane sine heimeområde rundt Sinjarfjellet  har vore uavklart, og tusenvis av jesidiske flyktningar har kvidd seg for å vende attende. 

Dette endra seg den 26 oktober, gjennom  ein seremoni i Sinjar, der den jesidiske YBS militsen la ned våpna sine for å verte integrert i den irakiske hæren og tryggingsstyrkane.  Dette legg Sinjar under kontroll av regjeringa i Bagdad  etter mange år med uavklart styring og strid mellom ulike væpna grupper det omstridde området.

Jesidien Murad Ismael, som er vald frå Sinjar til parlamentet i Bagdad, er nøgd med avtalen, som han har vore pådrivar for, og den er populær på Sinjar. Men jesidiane sine tradisjonelle leiarar er misnøgde. Dei sit i den kurdiske regionen, og er nært knytt til det mektige kurdiske partiet KDP. 

Dette syner ein veksande strid  mellom jesidiar om deira grunnleggjande identitet.  Jesidiane talar ei variant av den kurdiske dialekten kurmanji, og mange jesidiar er stolte  av den kurdiske identiteten sin. Men mange vil ikkje vera kurdarar. Dei vil berre vere  jesidiar.

Den historiske bakgrunnen er at jesidismen vart til mellom kurdarar i det som no er det nordlege Irak. Læra til sufisjeiken Adi ibn Mustafir, som levde for 800 år sidan, vart med tida blanda med gamle indoiranske tradisjonar og fekk front mot  islam. Muslimske fyrstar blant kurdarane har ofte gått til åtak på  jesidiar, og omgrepet «kurdar» vert difor av mange jesidiar  knytt til islamsk identitet. Samstundes har kurdiske stammer romma både jesidiske og muslimske klanar, og mange jesidiar slutta seg til dei kurdiske geriljarørslene som vaks fram i Irak etter det osmanske rikets fall.  

Då den autonome kurdiske regionen  i Irak vart til, etter 1991, kom sentrale område for jesidiane under kurdisk kontroll. Det gjeld framfor alt den viktigaste heilagdomen, tempel-komplekset rundt sjeik Adis grav i Lalish (sjå bilete), og Sheikhan-distriktet der jesidiane sitt verdslege overhovud, Miren, og den andelege leiaren, Baba Sjeik, bur. Men Sinjar, der dei fleste jesidiane budde, vart liggjande  under Bagdad sin kontroll fram til den amerikanske invasjonen i 2003. 

Jesidiane i Sinjar har tradisjon for motstand mot leiinga i Lalish. Rivaliserande kandidatar til vervet som Mir har jevnleg søkt støtte her, der mange ikkje lenger ser seg som kurdarar. Men då dei kurdiske  peshmerga-styrkene rykte inn i 2003, var det partiet KDP som tok makta, og dei stør Miren i Lalish.

KDP har gjort mykje for å få tillit mellom jesidiane, mellom anna med stor støtte til tempelet i Lalish, men då IS gjekk til  åtak på Sinjar i 2014, trakk  KDP  likefullt sine styrker ut. Jesidiane sto forsvarslause att mot ein nådelaus fiende. Kvifor KDP trakk seg ut er omstridd, men truverdet til partiet sokk som ein stein.

Fleire stader organiserte jesidier forsvars-grupper som med lette våpen sto imot islamistane. Den mektigaste av desse vart YBS, som altså no har lagt seg under den irakiske sentralregjeringa, og ikkje den KDP-styrte kurdiske regionen. Kva som skal skje med  KDP-tilknytta jesidi-styrker som Haider Sheshos Yazidkhan er ikkje klarlagt.

Seremonien på Sinjar heng og saman  med ein annan interkurdisk konflikt. YBS er  knytt til den maktfulle PKK-rørsla som ligg i forhandlingar med Tyrkia. PKK har vedteke å avslutta den væpna kampen dei har ført i meir enn 30 år. Dei har trekt sine styrker ut av Tyrkia, og er i full gang med å integrera sine syriske styrker, YPG, i det nye statsapparatet der. Opphør  av YBS som sjølvstendig kraft er ikkje minst ein lekk i denne prosessen.

Iraks maktovertaking på Sinjar er altså  eit hardt  slag for KDP som har sett dette området  som sitt. Men det er ikkje berre KDP som er misnøgde. Mange kurdarar og jesidiar, også innanfor PKK, er skeptiske til strategien med avvæpning, og ser den som eit nederlag for den kurdiske rørsla.  Dei integrerte styrkane kan verte  statens reiskap mot kurdarane, fryktar mange.

Jan Bojer Vindheim