Sveinung Rotevatn er vald til president i FNs miljøforsamling

– Og det etter berre ein dag i Brüssel, seier Rotevatn på Twitter.

Annonse
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Foto: Naturpress.

Fersk klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er vald til president i FNs miljøforsamling.

Tidlegare klima- og miljøminister, Ola Elvestuen, hadde det samme vervet. Miljøforsamlinga er det øvste organet i FN for miljø.

Rotevatn skal leie komiteen som førebur miljømøtet i Nairobi i 2021, UNEA-5.

– 2020 er eit viktig år hvor vi skal vi løyse mange av dei største miljøutfordringane i verda. Vi ser at natur forsvinn i eit høgt tempo, og at teikn på klimaendringar viser seg på dramatisk vis. Miljøforsamlinga i FN blir ein viktig arena for å få på plass internasjonale løysingar verda treng, seier Rotevatn (V) på KLD sine sider.

Annonse
Annonse

Legg igjen en kommentar