Pernille Fjørtoft Grøsvik byrja som kommunikasjons- og marknadsføringsleiar i Kolibri 1. februar.
— Det er fantastisk kjekt å få bli med på laget, frå før av hørde eg lovord om Kolibri så det er stas å få jobbe i ein så solid og praktisk orientert organisasjon. Born og unge er framtida, og å investere i utdanning og livsmeistring også for dei som veks opp i slummen er viktigare no enn nokon sinne, seier Fjørtoft Grøsvik.
Kolibri – Children At Risk Foundation (Kolibri CARF) er ei norsk stifting som gjennom samarbeid med den brasilianske stiftelsen RCBF, jobbar blant barn og unge i favelaområdar i São Paulo-regionen i Brasil.
— Eg håper eg kan vere eit bindeledd mellom alle dei engasjerte kolibristøttespelarane våre i Noreg og aktiviteten på sentera i Brasil, seier Fjørtoft Grøsvik.
Ho starta i jobben 1. februar, men jobbar deltid fram til ho leverar masteroppgåve om Brasil si Covid-19 handtering til sumaren, og kjem inn for fullt.
Permille Fjørtoft Grøsvik har utdanning i journalistikk, kommunikasjon og politikk, og har studert i Chile, Madrid, Førde og Bergen. Ha har vore prosjektleiar for internasjonal uke i FN-sambandet og utanriksjournalist i Klassekampen.