Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Foto: Naturpress
- Annonse -

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er, saman med Singapore sin miljøminister Grace Fu, bedt om å få framdrift i forhandlingane om reglar for samarbeid under Parisavtalen – før toppmøtet i Glasgow til hausten.

Storbritannia er vert for COP26.

– Føremålet med samtalene vi skal leie, er å få framdrift på tema det har vore vanskeleg å få semje om dei siste åra under klimaforhandlingane i FN. Forhandlingane om reglar for kjøp og sal av utsleppsreduksjonar er no inne i sine sjette år. Det er heilt sentralt å få til ei semje på dette temaet i Glasgow, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V), i ei melding på departementets nettsider.

Det er presidenten for klimamøtet, den britiske statsråden Alok Sharma, som har bedt Noreg om å leie ministerkonsultasjonane saman med Singapore. Konsultasjonane vil føregå i løpet av juli.

Møtet i Glasgow blir sett på som svært viktig. På COP26 skal landene, i tråd med Parisavtalen, legge fram forsterkede klimamål. COP26-møtet skal samle klimaforhandlere fra 196 land, pluss EU, i tillegg til flere bedrifter, eksperter og verdensledere i Glasgow mellom 1. og 12. november.

- Annonse -