Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Småbønder i Peru taper på klimaendringar og modernisering

Tiltak frå styresmaktene er dårleg tilpassa småbøndene i Andesfjella og urfolkets levemåtar vert sett under press. Det kjem fram i ein ny studie av UiA-forskaren Astrid Bredholt Stensrud.

– Vassdragspolitikk, klimaendringar og modernisering av jordbruket i Colca-dalen i Peru har skapt storgardar ved kysten, men gått ut over småbønder og urfolkets levemåtar i dei bratte fjellsidene i Andesfjella, seier Astrid Bredholt Stensrud, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).

Småbønder i Andesfjellene vert påverka av klimaendringar og stadige endringar i vasspolitikken staten innfører. Saman med statlege endringar, følgjer internasjonale utviklingsprosjekt og klimatilpassingar i regi av FN og Verdsbanken.

Til saman har Stensrud vore 13 månadar i Colca-dalen i Andesfjella i Peru i perioden 2011-2014. Der har ho studert korleis småbønder frå lokalsamfunnet og ingeniørar frå statlege og private føretak har samarbeidd med einannan om utbygging, vedlikehald og bruk av vassanlegg.

– Småbøndene som er mest sårbare frå før, vert meir sårbare med statlege og internasjonale endringar som kjem frå stat og internasjonale organisasjonar. Slik vert sosiale og økonomiske forskjellar forsterka, seier forskaren.

Tiltaka kjem ovanfrå og er ikkje tilpassa bøndene.

Stensrud er no ute med boka Watershed Politics and Climate Change in Peruutgitt på forlaget Pluto Press. Boka er basert på hennar eige feltarbeid

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
924FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT