Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Nordmenn reformerer friomsorg i Ukraina

60.000 fangar ventar på overføring frå fengsel til sivilt samfunn. Den største utfordringa er at endringar tek tid. Noreg bidreg med ekspertise og fagkunnskap.

Fengsel – ein mørk bakgard

— Eg vert sparka dersom arbeidsgjevaren min får vite at eg har vore i fengsel, seier den tidlegare fangen «Viktoria» (29). 

Ho er ute på prøve etter å ha sona tre fjerdedelar av straffa på 10 år. No arbeider ho svart og på korttidskontrakt i ein tekstilfabrikk. Men ho er redd for at sjefen skal få kjennskap til fortida.

Møtet med «Viktoria» er arrangert av Siri Fjørtoft, leiar av NORLAU, The Norwegian Rule of Law Advisers to Ukraine, og finn stad på eit kontor i Kharkiv aust i Ukraina. Kontoret er oppretta som ein del av eit norsk-ukrainsk samarbeidsprosjekt innan friomsorg.

— Eg bur saman med mor mi og dei to barna mine i ei lita leilegheit, seier «Viktoria» og legg til at ikkje alle er så heldige å ha nokon som ventar på dei.

Sona du her i Kharkiv?

— Ja, i kvinnefengselet Koloni nr 54. Det ligg i utkanten av byen. Livet var ikkje enkelt der.

«Viktoria» fortel at ho måtte arbeida seks dagar i veka, under hard disiplin i ein fabrikk der dei sydde ulike produkt, alt frå kosebamsar for born til soveposar for soldatar. Dei starta klokka 7 om morgonen, og ofte kunne dei halda på til klokka 20, stundom heilt til 22. Om dei vart spurde, måtte dei seia at det var frivillig.

Siri Fjørtoft seier at ukrainske fengsel må finansiere omlag 50% av drifta sjølve. Derfor er billeg arbeidskraft ein viktig faktor.

Kva tente du på fabrikken, «Viktoria»?

— Eg tente best av alle, men nådde aldri meir enn 300 kroner i månaden, seier ho. 

— Mange greidde berre 100. Etter at skatten var betalt, måtte pengane måtte brukast til å kjøpe mat, såpe og naudsynte hygieneartikler i fengselsbutikken. Systemet er slik. Men så hende noko spesielt denne våren. Eit IT-kurs vart starta opp for ti fangar, og eg var ein av dei som fekk tilbodet første gongen.

«Viktoria» fortel at «WomanGoIT»-kurset gav henne tru på framtida og billett attende til fridom. Men både ho og medfangane var skeptiske på førehand, redde for at tiltaket kunne vere ei felle.

— Innanfor murane må ein vera varsam, seier ho og forklarer kvifor. -Den du snakkar med kan vera spion og rapportør.

«Viktoria» er overtydd om at læraren deira, Kristina Babenko, har mykje av æra for at kurset blei ein suksess.

Kvifor kan du seia det?

— Me møttest som likeverdige, og snart kunne eg dela mine innerste tankar med henne. Ei ny verd opna seg, ei verd der det var rom for læring. Eg skulle ønskja alle fangar fekk oppleva det same som eg. Og ja, eg trur at ein treng IT-kunnskap for å meistra kvardagslivet.

Koloni nr 54 i Kharkiv. Frå v: Lærar Kristina Babenko, ein fange, leier for NORLAU Siri Fjørtoft, Fengselsdirektøren. Foto: Taraz Bezpalyi

Friomsorg – bru mellom fengsel og fridom

Når «Viktoria» har tatt farvel, forklarer Siri Fjørtoft nærare om «WomanGoIT» eller «Kvinner og data», ein del av justissamarbeidet mellom Ukraina og Noreg som kom i stand i 2018 etter ønskje frå Ukraina.

Ho fortel at landet held på å modernisere lovverk, fengselsvesen og friomsorg etter europeisk standard, og i tråd med menneskerettane. Dette skjedde gjennom ei lovendring i 2015. Noreg bidreg med ekspertise og fagkunnskap når det gjeld friomsorg.

Oppdraget er å byggje bruer mellom fengsel og fridom, minska tilbakefallsprosenten, og slik medverka til eit tryggare samfunn. Løyvingane frå det norske utanriksdepartementet er på knapt 36 millionar kroner for perioden 2020 – 2022. 

Men kva er eigentleg friomsorg?

— Friomsorg handler om alternative straffemetodar, open soning og tilrettelegging for livet etter soning, seier Fjørtoft. 

— Det ukrainske samfunnet er likevel i svært liten grad førebudd på å ta imot tidlegare straffedømte. Sju av ti fangar møter så store problem når dei kjem ut, at dei maktar ikkje overgangen til eit liv i fridom. Haldningane til dei som styrer systemet må endrast. Vår største utfordring er at dette tek lang tid.

Er Kharkiv einaste staden for dette prosjektet?

Fjørtoft fortel at feltarbeidet har to satsingsområde: I kvinnefengselet Koloni nr 54 i Kharkiv, der nær 300 kvinner sonar sine første dommar, og i Koloni nr 35 i Bila Tserkva, ein by på storleik med Bergen, litt sør for Kyiv. Dette fengselet har berre mannlege fangar, over 600 i alt, og felles for desse er at dei har fleire dommar bak seg. Prosjektet her heiter «Vegen attende».

Nemninga «koloni» er vel eit spesielt ord å bruke på eit fengsel?

— Kanskje det, men det er nok ei overleving frå sovjetregimet og tsartida før det.

Tillit – eit nøkkelord

Dagen etter møtet med «Viktoria» låser fengselsdirektøren opp den tunge, grøne jarnporten til Koloni nr 54 og viser veg inn i ein stor sal. På kvar side av midtgangen sit unge kvinner kledde i blå frakker og med skaut på hovudet.

Det skal delast ut diplom etter endt IT-kurs, det andre i rekka. Utdelinga tar læraren, Kristina Babenko, seg av, saman med Siri Fjørtoft. Men først handhelser dei på dei unge fangane, eit teikn på respekt.

Det er ei spent stemning i salen medan diploma blir signerte. Ei etter ei kjem dei som sit på høgre sida fram og mottar prov for gjennomført kurs. Det skjer ikkje utan tårer, ikkje utan klemmer.

Koloni nr 54 i Kharkiv. Ferdige med kurset. Foto: Taraz Bezpalyi

Men kva med dei som sit på venstre sida?

Kristina Babenko forklarer at desse har fått studieplass på neste kurs og er med for å oppleve den høgtidelege stunda.

— Det er viktig å sjå at andre lukkast, seier ho.

I klasserommet etterpå, eit lite rom gjort om til kurslokale, står ti datamaskiner på ti små pultar. Her syner IT-kvinnene noko av det dei har lært. Ei fortel at dei har designa diploma sjølve. Alle vil meddela kor viktig lærar Babenko har vore for dei.

Det kan merkast kva du betyr for desse unge kvinnene, Kristina Babenko. Kva utfordringar møtte du på?

— Eg var like spent som dei i starten, fortel ho. 

— Og hugs at dette berre er andre kurset. Første dagen minna dei meg mest om ville dyr, for slik vert menneske som lever isolert og under tvang. Fangar er usynlege for omverda, og ettersom åra går misser dei ofte sjølvbiletet.

Babenko presiserer at å bruke tid på å byggja tillit og dermed etablera ei plattform for læring, var ein føresetnad i den innleiande fasen.

— Utan hadde me kanskje ikkje fått dette resultatet, seier ho.

Leiar for NORLAU sitt kontor i Bila Tserkva, Yurii Lutssenkoi. Foto: Kåre Ness

Fyrtårnet i Bila Tserkva

På eit kontor i Bila Tserkva fortel Yurii Lutsenko at han sa opp jobben som avdelingsdirektør i det ukrainske friomsorgsdirektoratet for å leia NORLAU her. Av utdanning er han psykolog.

Var det ei lett avgjerd?

Lutsenko svarar at prosjektet i Bila Tserkva viser veg inn i framtida. Samarbeid og koordinering er nøkkelord.

— Her jobbar me tett opp mot politi, dommarar, fengsel, friomsorg, lokale styresmakter og frivillige organisasjonar, seier Lutsenko. -Heile denne kjeda må fungera likt og rettferdig uavhengig av personane som innehar stillingane. Alle må ha same mål for auga: Å minska tilbakefallet og skapa eit tryggare samfunn.

Er det stor skilnad på korleis dette arbeidet blei drive før?

— Det er ein sterk kontrast til den gamle arbeidsmåten som hadde sine røter i Sovjet-regimet. Og den historiske arven sit framleis tungt i veggane i offentlege bygningar.

Lutsenko poengterer at Bila Tserkva er eit fyrtårn som sender lysglimt over heile republikken, og at måten å driva arbeidet på vekkjer interesse og motiverer til handling og endring.

Koloni nr 35 Bila Tserkva. Foto: Anastasia Gornostai

Nina Bobkova er også ein av medarbeidarane til NORLAU si satsing i Bila Tserkva.

— Rett nok er eg pensjonist, seier ho. 

— Men eg har bakgrunn som dommar og var leiar for dommarane i Bila Tserkva region då eg gjekk av. Etter mi meining er dommerstanden eit svakt ledd i kriminalomsorga. Sakene er for mange, og for å få dei unna vert det lite tid til kvar enkelt.

Kva kan endra seg?

Bobkova trur ein må tenkja på det som gagnar dei som sit på andre sida av dommarbordet. Fengsel kan gjera vondt verre og føra til at dei innsette byggjer hat mot samfunnet.

Pensjonert dommar Nina Bobkova. Foto: Kåre Ness

— Den norske modellen er eit godt instrument for endringar, påpeikar ho.

— Og eg set pris på å vere samtalepartner og rådgjevar.

Vegen attende

Murane rundt Koloni nr 35 i utkanten av Bila Tserkva har rusten piggtråd og knivar på toppen. Direktøren tar venleg imot i uniform med blanke knappar. Saman med han står ein endå venlegare i uformell feltuniform. Det skal visa seg at han er sjef for sosiale tenester i fengselet.

Ferda går gjennom trange korridorer og små rom til sjefens kontor, der to fangar ventar. Som med kvinnene i Koloni nr 54 i Kharkiv handhelsar Siri Fjørtoft på begge.

Fangane presenterer seg ved rette namn, Aleksey og Vladimir, og fortel at dei snart er ferdig sona.

— Eg er her for sjette gong, og har site inne i 20 år. No er eg over 40, seier Vladimir.

Korleis er det med familien din?

Vladimir svarar at han har fått ny kontakt med dei heime, og at det er som eit under for han. Dette er takk vere opplegget i fengselet kalla «Vegen attende». Han synest rutinane bak murane går lettare, at konfrontasjonane med betjentane er færre og aggresjonen mindre.

— Eg har tru på framtida. Eg skal greie det denne gongen, legg han til.

Koloni nr 35 Bila Tserkva. Fange Vladimir. Foto: Anastasia Gornostai

Aleksey fortel at han er inne for tredje gong og at han er jamgamal med Vladimir. Men ingen har tidlegare tatt han på alvor slik teamet i «Vegen attende» gjer. -Dei gav meg ikkje ordrar, men spurte kva eg meinte! Eg måtte tenkja sjølv og svara på spørsmål: Kven er eg? Kva kan eg? Kva treng eg? Temaet om papparollen var svært viktig. No har eg igjen fått kontakt med exkona mi og dei to ungane.

Korleis vil det gå når du kjem ut?

— Eg trur på dette, og skal aldri attende til fengselet. Og eg ønskjer å vera ein god far.

Lang veg å gå

På eit nyetablert NORLAU-kontor i hovudstaden Kyiv gjer visejustisminister Olena Vysotska greie for friomsorga i Ukraina.

Ho fortel at det er eit krevande nybrottsarbeid. Dei må jobba målmedvitne for å synleggjera friomsorgsarbeidet. Derfor ser dei til Noreg og byggjer lovverk og praksis etter norsk mønster. Noreg gjennom NORLAU spelar ein nøkkelrolle.

Kva har dette å bety for ukrainske fangar?

— Innsette i ukrainske fengsel kan oppnå akkurat det dei vil, berre dei legg seg nok i selen, seier Vysotska.

— Eit prov på det er at mitt departement nettopp har tilsett ein fange på prøvelauslating i ein assistentstilling.

I Kharkiv er «Viktoria» samstundes redd for at arbeidsgjevaren skal få greie på fortida hennar.

Fakta: Norsk-ukrainsk samarbeid om kriminalomsorg

  • NORLAU er kortform for «The Norwegian Rule of Law Advisors to Ukraine”.
  • Bilateralt samarbeid med ukrainske justisstyresmakter for å utvikla ei moderne friomsorg og alternative straffereaksjonar. 
  • Overordna mål er å styrka friomsorgstenesta sentralt og lokalt.
  • Hovudkontor i Kyiv med to pilotar i Kharkiv og Bila Tserkva.
  • Tilsette: Fire norske ekspertar og ti ukrainske med røynsle frå påtalemakta, fengselsvesenet og friomsorg, samt kontorstøtte og tolketeneste.
  • Midlar frå det norske Utanriksdepartementet, nær 36 millioner for perioden 01/2020 – 06/2022.

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
924FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT