Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Går frå FN-stilling til Norec. No flyttar ho heim til Førde

Margunn Indrebø Alshaikh (41) flyttar heim til garden der ho vaks opp. No er ho tilsett som avdelingsdirektør i Norec. Ho kjem frå stillinga som visedirektør ved FN sitt kontor i Botswana.

– Dette er ein utruleg spanande jobb, og eg gler meg til å byrje, seier Alshaikh, som startar i Norec i midten av august.

Alshaikh er opphavleg frå Angedalen i Førde, men flytte ut alt som 17-åring for å gå på United World College i Wales. Ho heldt fram med studiar i England der ho tok tre mastergrader; i utvikling, internasjonal politikk og antropologi. Dei siste 14 åra har ho jobba i FN, både i Sudan, Libanon og no sist i Botswana.

– Til no har eg vore i ein organisasjon som tek imot bistandsmidlar for prosjektforslag ein har lagt fram. I Norec vil eg jobbe frå andre sida av bordet, der vi sit på midlar som vi skal fordele på tvers av organisasjonar og aktørar for å få ting til å skje. Det ser eg fram til, seier Alshaikh i ei melding på Norecs nettsider.

Vil tilføre ny kunnskap

Norec-direktør Jan Olav Baarøy er svært glad for at Alshaikh takka ja til jobben.
– Vi er veldig nøgde med å få ein programdirektør som har få lang fartstid frå FN. Vi kjenner oss sikre på at Margunn med si breie erfaring vil tilføre Norec mykje ny kunnskap, og bidra til at vi utviklar oss vidare, seier Baarøy på Norec.no.

Alshaikh har lang erfaring frå ulike land der Norec og norsk bistand har prosjekt, i tillegg til lang leiarerfaring, noko Baarøy er viss på vert viktig i jobben som avdelingsdirektør.

– I tillegg til svært relevant kompetanse og erfaring, har Alshaikh også eit breitt nettverk. Vi ser fram til å få ho om bord, seier Baarøy.

Godt tilfang av søkarar

19 søkarar kjempa om avdelingsdirektør-jobben, noko Baarøy er godt nøgd med.

– Vi har stort tilfang av svært godt kvalifiserte søkarar til alle stillingar som vi har lyst ut, og det er eit privilegium. Vi gler oss over at Norec er ein attraktiv arbeidsplass, seier Baarøy.

Margunn Indrebø Alshaikh flyttar heim til garden i Angedalen der ho vaks opp. Med på flyttelasset har ho ektemannen og dei tre gutane deira, i tillegg til tre hundar og ein katt.

– Ungane gler seg veldig til å flytte til Førde og starte på Slåtten skule, seier Alshaikh.

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
924FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT