Sidan 2021 har regjeringa kuttet over 1 milliard til utdanning gjennom bistandsbudsjettet. I revidert nasjonalbudsjett kutta regjeringa ytterlegare 70 millionar kroner til utdanningsbistand.
Forskjellen på da regjeringen tiltrådte i 2021 og nå, er at en tredjedel av utdanningspengene er borte.
– Å skjere så massivt ned på bistand til utdanning på så kort tid er det motsette av å motverka ulikskap, som regjeringa elles er oppteken av. Det bidreg til at færre barn og unge har høve til å få seg eit betre liv, seier Geir Røsvoll.
1 milliard kroner i kutt svarar til nesten to millionar skuleplassar i dei fattigaste landa.
Store behov
Globalt er det 250 millionar barn som ikkje går på skulen, og det er trengs 44 millionar fleire lærarar på grunnskule- og vidaregåande nivå, ifølge Utdanningsforbundet. I Afrika sør for Sahara er det i gjennomsnitt 58 barn per lærarutdanna lærar i klasserommet.
– Det er svært bra at fleire regjeringar i låginntektsland aukar eigen pengebruk til utdanningssektoren, men behova er framleis enorme, og norsk bistand er ein viktig del av arbeidet for å nå berekraftsmåla innan 2030, seier Røsvoll.
Røsvoll undrar seg over den kraftige nedprioriteringa av utdanningsbistand på utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim si vakt, og seier det blir særleg tydeleg når ein samanliknar med førre regjering:
– Solberg-regjeringa hadde høgt truverd i satsinga si på utdanning for alle. Den noverande regjeringa framhevar òg utdanning som ein viktig faktor for å motverka ulikskap, men gjer det ikkje i praksis.
Uroleg verdssituasjon
Røsvoll peikar på ein svært uroleg verdssituasjon, mellom anna krigen i Ukraina og på Gaza, og klimakrisa som stadig vert verre. Globalt er 222 millionar barn og ungdom råka av krig, katastrofar og tvangsflytting.
– Skulen kan vere ein fristad i ein elles ekstrem kvardag for barn og unge. God utdanning er ein føresetnad for læring og utvikling, og bidreg til å motverke fattigdom. Det kan òg bidra til demokrati, toleranse og verke konfliktdempande, seier Røsvoll.
(Denne artikkelen er basert på ei pressemelding frå Utdanningsforbundet.)