Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Kristin Halvorsen tek toppverv i kinesisk-leia miljøorgan

CICERO-direktør Kristin Halvorsen er utnemnd til ny nestleiar i China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED).

Det melder Klima- og miljødepartementet. Rådet er eit såkalla høgnivåråd sett saman av kinesiske og internasjonale ekspertar som gjev råd om klima- og miljøspørsmål til den kinesiske toppleiinga. Rådet er leia av Kinas høgst rangerte visestatsminister, Han Zheng.

– China Council for International Cooperation on Environment and Development er ein viktig del av det langvarige miljøsamarbeidet mellom Kina og Noreg. Rådet er ein sentral arena for å gje innspel til Kinas nasjonale og internasjonale politikk på klima- og miljøområdet. Eg er trygg på at Kristin Halvorsen vil spele ei viktig rolle som nestleiar i dette forumet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i eit innlegg på KLDs nettsider.

Norsk representasjon

Canada, Tyskland, Sverige er Noreg er sett som viktige partnarland av CCICED, ifylgje KLD.

Fleire tidlegare statsrådar frå Noreg har hatt verv i rådet, mellom anna Børge Brende og Vidar Helgesen. Erik Solheim har som tidlegare leiar av UNEP òg blitt valgt inn i rådet. Kristin Halvorsen tek over rolla som nestleiar etter tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen

– Kina er ein av verdas viktigaste aktørar å jobbe med for å handtere klimaendringar og andre miljøutfordringar. Å bli utnemnt som nestleiar i CCICED er ei spennande moglegheit til å gje innspel om viktige spørsmål til kinesiske myndigheiter, og noko eg ser frem til å ta fatt på, seier Kristin Halvorsen.

Skal sjå på miljøsidene ved Kinas «silkeveginitiativ»

I tillegg til å sjå på og gje råd om nasjonale utfordringar i Kina kjem China Council for International Cooperation on Environment and Development med tilrådingar om Kina si rolle internasjonalt. KLD skriv at eit av arbeidsspora i CCICED er å sjå på klima- og miljøsidene av Kina sine utlandsinvesteringar gjennom landets nye silkeveginitativ. 

Kristin Halvorsen var finansminister frå 2005 til 2009 og kunnskapsminister frå 2009 til 2013. Ho er i dag direktør for CICERO senter for klimaforsking. Ho er òg styreleiar i Naturhistorisk museum.

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
924FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT