Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Moldovsk håp: – Me har fått ein ny sjanse som land

Utfordringane står i kø for vesle Moldova. Men no er det reformkrefter som sit med makta i landet.

– Om eg skulle oppsummera med eit ord, ville eg seia «bra». Dersom eg skulle oppsummera med to, ville eg seia «ikkje bra». 

Mihai Popșoi byrja med ein spøk då eg sist snakka med han, våren 2018. Den gongen hadde han berre vore aktiv i politikken i eit år, men han hadde rukke å bli nestleiar i Partiet for Handling og Solidaritet (Partidul Acţiune şi Solidaritate, PAS), eit sentrum-høgre parti som framleis ikkje hadde vunne representasjon i det moldovske parlamentet. Sjølv om meiningsmålingane var lovande, kjempa dei i motbakke. 

I 2018 VAR DEN SØKKRIKE FORRETNINGSMANNEN Vladimir Plahotniuc rekna som Moldovas mektigaste mann. Han leia landets nominelt sosialdemokratiske regjeringsparti, Moldovas demokratiske parti (Partidul Democrat din Moldova, PDM), og søkte også å framstilla seg sjølv som vestvendt. 

– Det er ingen som anser Plahotniuc som proeuropeisk, sa den moldovske journalisten Natalia Morari til New York Times sommeren 2016. – Han er pro-Plahotniuc og prokorrupsjon.

Den gongen var det ikkje uvanleg å omtala Moldova som ein captured state, ein stat så gjennomsyra av korrupsjon at den liknar meir på eit skurkevelde enn noko anna, trass i tilsynelatande demokratiske strukturar.

– Utsiktene var mørke då eg fyrst engasjerte meg, seier Popșoi. – Det demokratiske forfallet var verre og verre. Me var Europas triste historie. Me var eit land prega av oligarkisk maktkonsentrasjon.

Mihai Popșoi. Foto: Wikimedia / Parlamentul Republicii Moldova

MEN DET KOM EI ENDRING. Det byrja med at den PAS-allierte Andrei Năstase vann ordførarvalet i hovudstaden Chișinău. 

I Moldova er valdagen rekna som ziua tacerii, stillheitas dag. Både Năstase og motkandidaten i andre valomgang hadde gått ut på Facebook og oppfordra folk til å røysta. Det konkluderte retten med at var brot på vallova, og valet vart annullert. Mange av Plahotniuc´ sine kritikarar meiner han påverka den avgjersla. Andre har avfeia det som reine konspirasjonsteoriar.

Så fulgte parlamentsvalet i 2019. Parlamentet vart delt om lag i tre, mellom Plahotniuc´ PDM, det prorussiske sosialistpartiet PSRM og valalliansen ACUM, der både PAS og Năstase deltok. Det gav ein heller fastlåst situasjon, men etter at grunnlovsdomstolen i landet 7. juni gjorde det klart at det ville bli nyval om ei regjering ikkje kom på plass, skjedde noko uventa: dei vestlegorienterte politikarane i ACUM fann saman med dei prorussiske sosialistane. PAS-leiar Maia Sandu vart statsminister.

Popșoi legg ikkje fingrane mellom: – Me gjekk inn ein allianse med den prorussiske venstresida, for å verta kvitt Plahotniuc. Plahotniuc var eit eksistensielt trugsmål mot det moldovske demokratiet. 

Og landet vart då kasta rett ut i ei konstitusjonell krise. Sjølv om ei koalisasjonsregjering hadde blitt til, meinte PDM at fristen var broten. Dei forlanga nyval. Men president Igor Dodon, som har bakgrunn frå sosialistpartiet, nekta å skriva det ut. Grunnlovsdomstolen, som vart sett på som kontrollert av Plahotniuc, avsette presidenten, og sette inn den avgåtte statsministeren Pavel Filip som ny president. Filip oppløyste parlamentet, og annonserte nyval i september. Fleirtalet i parlamentet avviste den avgjersla som ulovleg.

Etter nokre dagar løyste det seg. 14. juni trakk Filip seg, for å «sikra politisk stabilitet», men han skulda stadig Sandu og Dodon for å villa undergrava demokratiet, og kalla den nye koalisjonsregjeringa «ei ulovleg Kreml-støtta regjering». 15. juni omgjorde grunnlovsdomstolen sine tidlegare avgjersler, og det vart kjent at Plahotniuc hadde forlatt landet.

I NOVEMBER 2019 vart Sandu-regjeringa felt, etter at alliansen med sosialistane braut saman. Litt over eit år seinare, i desember 2020, vann Maia Sandu presidentvalet i Moldova. Ho vart landets fyrste kvinnelege president. Nokre månader seinare – i juli 2021 – vann PAS også stort i eit ekstraordinært parlamentsval. Plahotniuc sitt parti har nesten ingen stemmer lenger, og vann ingen representasjon. Den prorussiske venstresida er også sveikka.

– Heldigvis hadde ei gruppe unge politikarar, leia av Sandu, motet til å kjempa. Det tok oss ei stund. Men moldovarar ynskjer fridom og uavhengigheit. Dessutan mista Plahotniuc støtta han hadde utanlands, seier Popșoi. 

– No sit me i regjering, og me har fleirtal i parlamentet. No har me byrja arbeidet med å levera på løftene våre. Folk lengtar etter endring, og me er opptekne av å få til ein reform av rettsvesenet, økonomiske og sosiale reformar og av å byggja opp dei statlege institusjonane. 

UTFORDRINGANE STÅR I KØ. Sjølv om Plahotniuc er ute av biletet, slepp ikkje gårsdagens makthavarar så lett kontrollen frå seg. Den moldovske økonomien er svak. Folketalet er synkande, svært mange unge moldovarar søkjer lukka utanlands. Og aust i landet, mot grensa til Ukraina, ligg Transnistria, ein ikkje-anerkjent utbrytarrepublikk som i praksis er heilt uavhengig av myndigheitene i Chișinău.

På toppen av dette kom ei energikrise. I Noreg har dei høge gassprisane bidrege til å skyva straumprisen oppover i haust og vinter, og til betydelege ekstrainntekter for olje- og gassnæringa. 

I Moldova resulterte dei i unntakstilstand, og til at landet måtte inngå ei ny femårsavtale med det statseigde russiske selskapet Gazprom.

– Energitryggleik er ei anna eksistensiell utfordring, meiner Popșoi. – Me er avhengige av ei kjelde – Gazprom – når det gjeld gass, og det er eit problem. 80 prosent av elektrisiteten kjem dessutan frå Transnistria (den russiskkontrollerte utbrytarrepublikken aust i landet). Me har no fått på plass ei avtale om å byggja ei kraftlinje til Romania, slik at me kan vera påkopla den europeiske marknaden. I tretti år har politiske leiarar i Moldova ikkje brydd seg mykje, dei var nøgde med ting slik dei var på energiområdet. Så no har me mykje å henta innatt: me må diversifisera energibruken, redusera avhengigheita vår av fossile brennstoff og auka energieffektiviteten. Det siste har ikkje vore mykje av ei prioritering. Me kan misunna Vest-Europa og Skandinavia, hadde me hatt tilsvarande standardar, hadde me kunna halvera forbruket. 

Frå hovudgata i Chisinau
Frå hovudgata i Chișinău. Foto: Øyvind Strømmen

DENNE KRISA HAR VORE EI VEKKARKLOKKE, ein alarm om du vil. Den har ikkje berre skaka politikarane, men heile landet, for når du er avhengig av ei energikjelde, og denne kan stengast ned… då er du i store vanskar. No har me ei ny kontrakt, og ei moglegheit til å bruka dei neste fem åra på å endra status quo. 

– Kva med den storpolitiske situasjonen?

– Me skulle ynskja me var i Noreg sin posisjon, der me kunne ha nekta å gå inn i EU. Me er i den motsette situasjonen, der me søkjer å finna vegen inn i Europa, og å bli anerkjend som eit potensielt medlem. I dag er me ein slags limbotilstand, i eit ingenmannsland mellom EU og Russland, sårbare for alle typar propaganda, slik at grupper kan verta spelt opp mot kvarandre. Det er øydeleggjande. Me treng å samla folk bak reformar. 

– ME ER PROEUROPEISKE. Det er ein del av vårt politiske DNA, kan du seia, og me håper sterkt på å kunna knyta oss tettare til den europeiske familien. Det ville nesten garantera framgang i arbeidet for demokrati og politisk stabilitet.

– Nokre vil innvenda at utviklinga i Ungarn og Polen peiker andre vegen?

– Utviklinga der påverkar oss ikkje mykje. Moldovske veljarar ynskjer eit uavhengig rettsvesen, uavhengige media, eit fritt samfunn med eit fungerande økonomisk system, stabilitet, framfor å måtta leva i frykt og uvisse. Det er sant at det er utfordringar i nokre EU-land, men dei har kome seinare, etter at dei har vorte EU-medlemer. Her i Moldova har me hatt ein pendel som har svinga mellom pro-russiske og pro-europeiske krefter, og ein pendel som har svinga mellom reform og tilbakegang. Om Moldova vart ankra til Europa ville det ikkje løysa alle problema, men det ville stogga pendelen frå å svinga så langt attende. 

DÅ PAS VANN VALET I SOMMAR, skreiv den tidlegare nemnde journalisten Natalia Morari på Facebook at partiet må skjøna at dei fire verste åra i deira politiske liv ligg framfor dei, og at dei kjem til å bli haldne ansvarlege for syndene til alle Moldova sine regjeringar så langt. 

– Forventningane er så høge – for høge, etter mitt syn – at eg ikkje kan førestilla meg at alle kan oppfyllast. 

Ho la til at folk vil krevja blod, men at PAS då må halda seg til rettstryggleik og rettferd, og at det ikkje kan skapast gjennom å byta ut menneske som er lojale mot nokre med menneske som er lojale mot nokon andre, men berre ved å byggja instituasjonar. Sidan har Morari paradoksalt nok sjølv hamna i hardt vær grunna sitt personlege liv, etter at ho sjølv gjekk ut med – for å hindra utpressing – at far til barnet hennar er den ikkje akkurat ukontroversielle forretningsmannen Veaceslav Platon

Den tidlegare parlamentarikaren Vadim Pristrinciuc, som no leier tenketanken Institutul pentru Inițiative Strategice, sa på si side til RFE/RL at den regjeringa måtte handla raskt, og slå det «kleptokratiske systemet» knockout i løpet av månader. – Desse nettverka må brytast sund, sa Pristrinciuc, som åtvara om at folk elles ville bli raskt misnøgde med den nye regjeringa.

– Restane av det oligarkiske systemet er der framleis, seier PAS-nestleiar Popșoi. – Det vil ta tid å få fjerna dei som har tent oligarkane, å finna gode erstattarar. Dei strittar sjølvsagt mot, de iføretrekk status quo, føreetrekk å ha kontroll. 

Han liknar det heile med klanstrukturar, til korleis både slektskap og felles lovbrot bind folk saman og syter for at dei dekker kvarandre. – Me må skapa eit miljø der fleirtalet held seg til lova, snarare enn å ta del i ein slags budkrig, der den som byr mest, vinn. 

– Maia Sandu er ein annleis leiar enn tidlegare presidentar i Moldova. Ho bygde opp sin politiske kapital gjennom å gjennomføra sterke og modige reformar som utdanningsminister, og har sidan bygd opp eit nytt parti frå botnen av, utan å vera knytt til etablerte interesser. Det er ikkje store pengar som står bak oss, ikkje oligarkar, me svarer til veljarane. Og heldigvis har dei gjeve oss høve til å gjennomføra vår politikk. No må me leva opp til det. Og det er vanskelegare. Kveitebrødsdagane med veljarane er allereie over. No må me levera på det me har lova.

EI UTFORDRING ER FRAMLEIS IKKJE NEMND. COVID-19 representerer ei ikkje ubetydeleg slik i Moldova. Det har vore fleire hundretusen smittetilfelle i det vesle landet, som har vel 2,5 millionar innbyggjarar. Over 9.000 har mista livet til sjukdomen. 

– Vaksineringsgraden er låg, fortel Popșoi. Sjølv om landet har hatt problem med å få nok vaksiner, er det ikkje lenger problemet, legg PAS-nestleiaren til. – Utfordringa no er å få nok menneske til å ta henne. Vaksineringsprosessen er mellom anna påført skade av propaganda. No bruker me ressursar for å freista å overbevisa folk. 

Han legg til at pandemien har kravd energi som elles kunne vore nytta på reformar. – I Moldova har me også eit demografisk problem. Mange har utvandra frå landet vårt, og folketalet har gått ned. Når du då også får mange som døyr eller blir skadd av dette viruset, ja, så slit det på både økonomien og på den generelle situasjonen i landet.

TRASS ALLE UTFORDRINGANE er han optimist. – Me har fått ein ny sjanse som land, seier han. – Me har tenkt å gjera mest mogleg ut av han. 

– Kan de verta eit døme til etterfølging, også for andre tidlegare sovjetstatar?

– Me er eit audmjukt og jordnært folkeslag. Me vil ikkje ha noko imot å verta eit føredøme for andre, men i PAS har me ein hovudprioritet, og det er å leva opp til veljarane sine forventingar. Dersom me klarer det, og det kan vera ein inspirasjon for andre, vil det berre gleda oss.

Fakta: Moldova og Transnistria

  • Moldova har idag anslagsvis 2,6 millionar innbyggjarar, samstundes som hundretusenvis av moldovarar bur og arbeider i utlandet.
  • Det meste av dagens Moldova tilhøyrde historisk fyrstedømmet Moldova, som etterkvart vart ein vassalstat under det ottomanske imperiet. I 1812 vart den austlege delen av fyrstedømmet innlemma i Russland, som Bessarabia. Frå 1918 til 1940 var Bessarabia ein del av Romania, før området vart innlemma i Sovjetunionen under andre verdskrigen.
  • Moldova vert rekna som Europas fattigaste land, saman med Ukraina, og også som eitt av dei mest korrupte. 
  • Rundt tre fjerdedelar av befolkninga er etniske moldovarar, medan rundt 14 prosent er ukrainarar eller russarar. Det er også ei rekkje andre etniske grupper i landet, den største av desse er gagausarane i sør. 
  • Rundt 78 % er etniske moldovere, og rundt 14 % ukrainere og russere. 
  • Landets offisielle språk er rumensk, og rundt 78% har rumensk som fyrstespråk. Nokre definerer dei moldovske dialektene av rumensk som eit eige språk, i seg sjølv eit politisk spørsmål det er knytt ein del kontrovers til. 
  • Utbrytarrepublikken Transnistria (også kalt Trans-Dniestr, på russisk Pridnestrovie) ligg mellom Ukraina i øst elva Dnestr i vest, med unnatak for eit lite område vest for elva. Republikken er ikkje internasjonalt anerkjend, og vert av både FN og moldovske myndigheiter sett på som ein del av Moldova. Republikken er de facto uavhengig, med Tiraspol som hovudstad og Vadim Krasnoselskij som president. 
  • I 2018 hadde Transnistria rundt 469.000 innbyggjarar, men også der er utvandringa betydeleg.
  • Transnistria erklærte sjølvstende frå Moldova 2. september 1990. I kjølvatnet fulgte Transnistria-krigen, der sovjetisk-russiske styrker involverte seg på Transnistria si side. Ei våpenkvile vart inngått 21. juli 1992, underskrive av Russlands president Boris Jeltsin og Moldovas president Mircea Snegur.
  • I mars 2014, rett etter at Russland hadde annektert Krim, fekk moldovarar visumfridom til EU. 
  • 27. juni 2014 signerte Moldova og EU en assosiasjonsavtale og ei omfattende frihandelsavtale, framskunda av Ukraina-krisa.

Denne reportasjen er del av en serie artikler om demokratiets utvikling i Sentral- og Øst-Europa. Prosjektet er støttet av Fritt Ord, og artiklene publiseres i Transit magasin.

LES OGSÅ

FØLG

1,627FansLik
512FølgereFølg
924FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT