Eiterjords avgangstale: Iskanten er viktigaste sak nå, men lovar bråk om Repparfjord

Gaute Eiterjord, avtroppende leder i Natur og Ungdom under landsmøtet som pågår i Fredrikstad nå. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom
Annonse
Gaute Eiterjord, avtroppende leder i Natur og Ungdom
Gaute Eiterjord, avtroppende leder i Natur og Ungdom under landsmøtet som pågår i Fredrikstad nå. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Landsmøtet i Natur og Ungdom pågår i Fredrikstad, og avtroppande leiar Gaute Eiterjord har oppsummert sigrar og tap.

Medan dommen i klimasøksmålet – saka som har dominert arbeidet hos både NU og Greenpeace i lengre tid – ligg bare nokre få dagar unna, lyfte Eiterjord i landsmøtetalen sin fram det han meiner blir den nye store saka for Natur og Ungdom i 2020, fastsetjinga av iskanten i Barentshavet.

Definisjonen av iskanten vil få innverknad på dei operasjonelle grensene som oljeselskap som skal drive med oljeleiting der, må ta omsyn til. Ei eventuell ny grense vil kunne opne opp for nye leiteområde. Før påske skal regjeringa legge fram ein revidert forvaltningsplan for Barentshavet. Det er der ein vil sette grensene for kor langt nord ein skal ha oljeverksemd.

Gaute Eiterjord slo i talen sin fast at NUs krav er at Barentshavet Nord må vernast, og at iskantsonen må flyttast sørover i tråd med miljøfaglege råd. “Det kan ikkje vere aktuelt med noka meir oljeleiting i dette området”, sa Eiterjord.

– Dette blir den viktigaste miljøsaka i vår. Det er eit verdispørsmål om ein skal sikre sårbar natur, og hindre meir klimafiendtleg oljeboring, eller la oljelobbyen igjen få alt dei peikar på, sa Eiterjord.

81597979_10157791206263446_7918033468741648384_o
LANDSMØTE: NU-landsmøtet finner sted på Haugetun FHS på Rolvsøy utenfor Fredrikstad. Foto: Natur og ungdom

Har ikkje gjeve opp Repparfjord

Han kom også inn på ei stor, tapt sak frå 2019. Regjeringa gav i haust løyve til å starte gruvedrift i Repparfjord, med påfølgjande dumping av 30 millioner tonn giftig gruveslam i fjorden, og Eiterjord kalla det ein svart dag då dette vart klart.

Det er helt gratis: Ved å registrere deg med Vipps får du våre nyhetsbrev rett i innboksen 1-2 ganger per uke. Dette er en enkel støtte fra deg, og vi får flere faste lesere. Registrer deg med Vipps, helt gratis. Tusen takk!
Registrer deg med med Vipps Logg inn uten passord med Vipps!

Trass i vedtaket, signaliserte han likevel at kampen ikkje er over. Han viste til at meir enn 2.000 personar har skrive under på å aksjonere med sivil ulydigheit, og planar er lagt for korleis dette skal skje.

“Me har sagt det før, og me seier det igjen: Viss den gruva blir bygd så lovar me eit helvete!”, var Eiterjords bodskap til landsmøtet.

Nå festar han og andre NU-folk eit håp til at det ser ut til å vere manko på investorar hos entreprenøren Nussir.

– Siste ord i saka er på ingen måte sagt. Nussir manglar investorar, og nå skal me få alle som vurderer å putte pengane sine i den gruva til sjå kva slags motstand som i så fall ventar. Regjeringa har svikta oss, men det er ennå mogleg å utsette prosjektet lenge nok til at politikarane innser at det ikkje er nokon skam å snu, sa Gaute Eiterjord.

Landsmøtet i NU tok til i dag, 5. januar, og varer til og med 8. januar. Therese Hugstmyr Woie er innstilt som ny NU-leiar etter Gaute Eiterjord.

Kjære leser. Vårt mål i Transit Magasin er å levere faktabasert kvalitetsjournalistikk om globale spørsmål. Vi står opp for kritisk og uavhengig global journalistikk, uten partipolitiske tilknytninger. I våre spalter får du møte folk verden rundt, gjennom reportasjer skrevet av vårt nettverk av journalister, basert i alle verdensdeler. For å kunne være nettopp denne uavhengige publikasjonen så trenger vi din støtte. Det beste bidraget du kan gi er å tegne et abonnement. Du får 10 dagers gratis prøvetid, og du får to måneder gratis om du bestiller årsabonnement. Bestill på denne lenken, eller benytt knapp nedenfor. Om du ikke ønsker et abonnement så er det mulig å gi et støttebeløp. Tusen takk for ditt bidrag!

Legg igjen en kommentar